Hopp til innhold

Ras i Viksdalen

Fylkesveg 13 er no stengd mellom Eldalsosen og Bell på grunn av ras.

Ras ved Bell i Viksdalen

RAS: Eit jord- og sørpeskred stenger no fylkesveg 13 ved Bell i Gaular.

Foto: NRK-tipsar

– Det er eit mindre jordras om har gått, og det dekker heile vegbana, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikk sentralen i Lærdal.

Statens vegvesen fekk melding om raset klokka 15.45. Raset er mellom 30 og 40 centimeter høgt, det er førebels uvisst kor breitt det er.

– Vi ventar no på at entreprenøren skal kome fram og sjå omfanget seier Nedberge Hille.

Han seier det så langt ikkje er grunn til å tru at nokon skal vere tatt av raset.

– Så langt ser det ikkje slik ut.

Sidan Gaularfjellet er stengt er det heller ikkje omkøyringsmoglegheiter forbi rasstaden. Vegen blir ikkje opna i dag. Og det vert gjort ei ny vurdering når lysnar fredag morgon.

Trossa sperringar

Innbyggarane i området reagerer på at dei ikkje får køyre forbi rasstaden.

– Det er faktisk ei køyrebane som er open, men det har Statens vegvesen fysisk stengt, seier Terje Vallestad, som ikkje kom forbi med bil torsdag kveld.

Statens vegvesen er kjende med at fleire har gått til fots forbi rasstaden, og det likar dei dårleg.

– Dei som har gått forbi har trossa våre sperringar og gått på grunnen over vegen der vi ikkje har forvaltningsmynde til å nekte dei det. Vi har rådd dei til å ikkje gå der, seier Vidar Solheim som er byggherrevakt i Statens vegvesen.

Ny vurdering fredag

Solheim seier entreprenøren først kom til staden etter at det var byrja å verte mørkt, og at dei difor valde å stenge vegen fram til fredag morgon.

– Våre instruksar er heilt klare. Er det gått eit skred og det er så mørkt at vi ikkje kan sjå løsneområdet og kan vurdere om det er trygt, så stenger vi vegen fram til det lysnar, seier Solheim.

Staten vegvesen har vakt ved raset i natt, og har bede om bistand frå geolog til å gjere ei vurdering når det lysnar frredag morgon.