Hopp til innhold

Ras i Jostedalen

Ved Fåberg i Jostedalen har det gått eit snøskred over fv. 334. Alle naudetatane er på veg til staden. Hovudredningssentralen styrer aksjonen. Det er uvisst om nokon er tatt av raset. – Vi har fått melding om eit snøras som er mellom 30 og 40 meter breitt. Brannmannskap frå Gaupne er på veg, melder Alarmsentralen i Florø.