NRK Meny
Normal

Drog på handletur til Voss – Då dei skulle heim att var vegen stengt

GUDVANGEN (NRK): Raset ved Gudvangen heldt på å halde familien Hvambsahl-Dyrdal unna ferieheimen. Ein tilfeldig ATV vart redninga.

Familien Hvambsahl-Dyrdal

ATV-EN REDDA FERIEN FOR FAMILIEN HVAMBSAHL-DYRDAL: Frå venstre; barna Hellik Hvambsahl-Dyrdal, Signe Hvambsahl-Dyrdal og venninne Emilie Raaen Nordgård, far Eivind Dyrdal og mor Lillian Hvambsahl.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi drog til Voss i går for å handle, frå Nærøyfjorden. Då vi skulle heim fekk vi melding på radioen om at raset hadde gått.

Det fortel mor Lillian Hvambsahl. Familien, som kjem frå Tønsberg, er på ferie hos bestefar, som bur i Dyrvik ved Nærøyfjorden. Handleturen til Voss vart lagt til eit uheldig tidspunkt. For då dei skulle heim att var vegen sperra.

– Då drog vi til Stalheim, og overnatta der. Matvarene vi hadde kjøpt fekk stå på kjøl på kjøkkenet der. Det vart altså ei natt på hotell, fortel Hvambsahl.

Raset stenger vegen i fleire dagar

Tysdag ettermiddag rundt klokka 17 gjekk det eit større steinskred frå ca. 800 meters høgde ved Nærøyfjorden i Gudvangen. Rundt 300 meter av vegbana er råka og det er ein del skader på vegbana. Ingen kom til skade under raset, men vegen vil vere stengt i fleire dagar.

Dermed vakna familien Hvambsahl-Dyrdal i dag til ein veg som var like stengt som i går.

– Men vi har vore å henta ein firehjuling, som tilfeldigvis var ferdig på reparasjon. Den tok vi med oss på hengaren heim att i dag.

ras

På motsett side av elva der raset har gått ligg det nemleg ein gamal grusveg. Den egnar seg ikkje for bilkøyring. Men for ein ATV var den ikkje noko problem.

– Det var veldig kjekt, då fekk vi med oss matvara heim att. Vi har plutseleg vorte ein villmarksfamilie. No får farfar komme å hente oss med båt, ler mor Hvambsahl.

Tykkjer raset var litt skremmande

– Borna tykkjer nok at raset var litt skummelt. Men dei fekk ei natt på Stalheim, og det var stas. Det hadde dei nok aldri gjort utan raset. Vi bur jo eigentleg veldig nære.

Hvambsahl fortel at familien kjenner litt på ubehaget med vestlandsnaturen.

– Vi er ofte på ferie i Nærøyfjorden, og det hender at det buldrar og brakar. Vi har vurdert å gå i Aurlandsdalen no i sommar, og der var det også eit uhell tysdag. Men vi får la inntrykket falle inn litt, så får vi sjå.