Hopp til innhold

Sikrar fjellsidene med god gevinst

GUDDAL (NRK): Det er ikkje alle som vert like frustrerte når det rasar på vegane våre.

Den kommunale vegen mellom Sygna og Høgelia i Gaular vert no sikra av Norsk Bergsikring.

HARD JOBB: Det er ikkje lett å trygge fjellsider, og det er hardt arbeid for klatrarane som gjer jobben.

– Vi har meir enn nok å gjere ja, seier eigar Ove Nesbø i Norsk Bergsikring og kikkar opp på fjellsida han står ved sidan av.

80 kvadratmeter netting

Norsk Bergsikring

HELD OVERSIKTA: Geolog og prosjektleiar Siv Seljeseter held kontrollen på arbeidsstaden på den kommunale vegen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

På den kommunale, smale vegen mellom Sygna og Høgelia i Gaular rasa det ned store steinar i helga. Fjellet steinane kom frå er dekt av store tre, lausmassar og snø.

Bedrifta har fått ansvaret for å sikre at steinane vert i fjellsida. Eit massivt sikringsarbeid må då til, og geolog og prosjektleiar Siv Seljeseter har planen klar.

– Her må vi aller først sjekke kor store område vi skal sikre, og deretter vert det bolting og netting som må på plass. Vi har med oss 80 kvadratmeter med netting i bilen, forklarer ho.

Saman med dei to er også brørne Dominik og Mario Mühlman frå Austerrike. Tilsette i bedrifta med to veker på arbeid og ei veke heime hos familien i heimlandet.

– Vi må klatre opp for undersøkje kor utfordrande denne jobben vert, seier Dominik, og slengjer ein sele over skuldra.

Norsk Bergsikring
Foto: Siv Seljeter

Hentar arbeidskrafta frå utlandet

– Men sidan det er kuldegrader og nysnø vert jobben ekstra utfordrande, seier broren Mario.

I Austerrike har dei liknande fjellmassar som i Noreg, og dei har god fagkunnskap som Noreg manglar. Dermed vert det enkelt å hyre inn arbeidskraft frå andre land.

– Vi treng dei og deira kunnskap i bedrifta for å kunne gjere jobben vår, seier Nybø.

Brødrene er røynde med å klatre i ulendt terreng, men jobben kjem ikkje utan farar.

– Vi tenkjer alltid på tryggleiken, men er ikkje redde for å gå på arbeid. Dette kan vi, smiler Dominik før han tek til på første klatresteget.

Sluttar ikkje rase

Brødrene klatrar, geologen planlegg, og saman skal dei gjere vegen rastrygg på ei veke.

– Det kan vere ein farleg jobb og sikring er vesentleg for at vi skal kunne klare dette utan at nokon vert skadde, seier Seljeseter.

På nokre få år har Norsk Bergsikring gått frå seks til 34 tilsette. Og det ser ikkje ut til at dei vert arbeidslause med det første.

– Det sluttar vel ikkje å rase med det første, seier Nesbø.