Hopp til innhold

Rår vaksne til å vere opne om overgrep

Det å lære barn kva som er lov og ikkje lov er viktig, meiner barnepsykolog Magne Raundalen. Han trur ikkje barn blir skremte av å høyre om overgrep.

Lærer femåringer om incest

OPNE MED BARNA: I Vestfold har dei starta med førebyggande arbeid mot seksuelle overgrep og vald. Barn i mange barnehagar får lære om incest. Barnepsykolog Magne Raundalen meiner det er viktig å vere opne med barna.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

Ofte høyrer vi om barn som på ein eller annan måte har blitt utsett for overgrep. Seinast denne veka vart ein mannleg barnehagetilsett i Sunnfjord sikta for å ha hatt overgrepsbilete av barn.

Eit av dei vanskelege spørsmåla mange sit att med er kanskje korleis ein skal forklare til barna kva som har skjedd. Kor mykje bør ein seie til barna?

– Lær barna om lovene

Ifølgje barnepsykolog Magne Raundalen er openheit det beste svaret.

– Barn heilt ned mot tre år veit noko om ting som ikkje er lov, kanskje som å køyre for fort, for då kan politiet komme. Ned mot tre år blir det vanskeleg, men fire-femåringar kan forstå at vi har ei lovbok der det står kva som ikkje er lov, seier han.

Mange er redde for å seie for mykje og dermed skremme ungane, men den mangeårige barnepsykologen rår vaksne til å halde fram med å vise til lova. Slik kan dei lære barna kva som er lov og kva som ikkje er lov, også når det gjeld dei tyngre tinga.

– Ein kan starte med litt trafikkreglar, og fortelje at vi har lover, og at vi er glade for å ha dei. Vi kan seie at det står i lovboka at det er forbode å slå barn og skremme barn. Og så kan ein med ein overgang snakke om at alle barn blir laga av vaksne. Det dei vaksne må gjere for å lage barn, det veit barn noko om, men vi må seie at vaksne ikkje har lov til å gjere det med barn, seier Raundalen.

Trur ikkje barna blir skremte

Han trur ikkje barn blir redde av å høyre om slikt dersom foreldra snakkar roleg og har førebudd seg godt. Dei bør fortelje at vaksne som gjer ulovlege ting med barna sine kroppar ikkje er snille, sjølv om dei lèt som det, meiner Raundalen. I tillegg bør dei lære at dei ikkje treng å halde slike opplevingar hemmelege, sjølv om dei blir bedne om det.

Foreldre som kvir seg på å sende barna sine i barnehagane etter overgrepshendingar, treng ikkje uroe seg, meiner psykologen.

– Det foreldra og dei i barnehagen skal vere observant på er først og fremst om barnet endrar åtferd. Då må dei begynne å lytte og kanskje stille direkte spørsmål heilt frå starten.