Hopp til innhold

Rår unge til å kjøpe utanfor sentra

Forslaga frå finanstilsynet for å dempe prisveksten i bustadmarknaden, går mest ut over unge førstegongskjøparar. Dei blir difor rådde til å kjøpe utanfor sentra i fylket.

Birger Olav Nedberge

STORE FORSKJELLAR: Birger Olav Nedberge i Sparebank Vest syner at det er store prisforskjellar i fylket.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Dei nye forslaga gjer det vanskelegare for unge som ynskjer å kjøpe sin første bustad, seier Birger Olav Nedberge som er kunderådgjevar i Sparebanken Vest.

Finanstilsynet har nyleg presentert fleire forslag til nye krav som bankane skal stille til sine lånekundar. Mellom anna skal låntakarar no tole meir rente og det blir innstrammingar på kven som kan få avdragsfrie lån. Begge desse tiltaka råkar unge som vil inn på bustadmarknaden i mykje større grad enn etablerte huseigarar.

Urettvist for oss som er utanfor

Ein som kunne tenkje seg å kome inn på bustadmarknaden er ingeniørstudent Marius Folkestad. Han går siste året på høgskulen i Førde og har byrja å orientere seg i marknaden.

Marius Folkestad

HÅPAR Å KJØPE: Marius Folkestad vil inn på bustadmarknaden.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Eg håpar å kunne kome inn på marknaden rett etter at eg er ferdig utdanna. Å leige er jo berre å kaste pengar rett ut vindauget.

Han tykkjer ikkje mykje om at forslaga til Finanstilsynet ser ut til å råke dei unge mest.

– Det er uheldig at det kjem endå ei ny hindring for oss å kome inn på bustadmarknaden, seier Marius Folkestad.

Marius trur likevel at han har ordna seg slik at han har gode sjansar til å kome seg inn på bustadmarknaden.

– Eg har fylt opp BSU-kontoen min og kan godt tenke meg å kjøpe eit hus på bygda, sidan eg kjem frå ein liten plass sjølv. Der er det jo ein del billigare enn i byane.

LES OGSÅ: Auke i bruk av fotograf ved sal av eigedomar

Sjå mot utkantane

Dette trur Birger Olav Nedberge at Marius Folkestad gjer lurt i. Han sit på statistikk som syner at høge prisar i bysentera Førde, Florø og Sogndal kan gjere det svært vanskeleg for mange førstegongskjøparar å få realisert bustaddraumen dersom dei vil bu sentralt.

Men det er store forskjellar mellom bysentera og nabokommunane. Til dømes må ein i gjennomsnitt ut med 2,4 millionar kroner for ei 100 kvadratmeter stor leilegheit i Førde, medan prisen i nabokommunen Jølster ligg på 1,2 millionar.

– Difor rår vi unge som vil inn på marknaden til å vurdere å kjøpe litt utanfor dei mest kostbare sentra i fylket, då strekkjer pengane mykje lengre, seier han.