Rår imot å bruke stien i Aurlandsdalen

Aurland kommune oppmodar folk til å ikkje bruke turstien i Aurlandsdalen inntil vidare.

dronefoto: Lars Christian Vikesland, LCV Dronefoto

KAN GÅ NYE RAS: Det trengst sikring av fjellsida før det er trygt å gå i området att. Foto: Lars Christian Vikesland, LCV Dronefoto.

I førre veke gjekk det eit stort steinras over stien der over 25.000 turistar går kvar sesong. Ein geolog har no vurdert raset, og konkludert med at fjellsida må reinskast før ferdsel i området er trygt.

– Her så er det såpass farleg at det ikkje er tilrådeleg å ha folk som arbeider eller oppheld seg her i lengre tid under raspunktet, seier teknisk nestleiar i Aurland kommune, Tor Mikkel Tokvam, og held fram:

– Ein bør heller ikkje gå forbi der i perioden før vi får reinska fjellsida ved hjelp av eit fjellsikringsfirma, seier teknisk nestleiar i Aurland kommune.

Norges geotekniske institutt skriv i sin rapport at «det er en generell høy steinsprangfare i denne delen av dalen».

Kommunen vil også sette opp skilt ved stien om som åtvarar turgåarar om rasfaren.

– Både kommunen og Visit Sognefjord skal informere. I tillegg blir det sett opp skilt ved startpunktet frå begge sider av løypa, seier Tokvam.

– Vi sprang for livet

Det var måndag det rasa då Magnar Skjerdal og Stein Inge Skarsbø der for å rydde eit gamalt ras på den populære turstien i Sogn. Plutseleg høyrde dei eit brak og såg steinar som dundra mot dei. Dei måtte springe for livet.

– Vi var sikre på at nokre av steinane ville treffe oss, for det kom så mykje, sa Skjerdal etter hendinga.

Aurlandsdalen er ein ynda stad for mange fjellvandrarar, og det er ein av dei mest populære turstiane i Noreg. Tokvam seier det er vanskeleg å seie kor stor fare det er for at det kjem ned meir.

– Men geologane har kome fram til at det er ein såpass risiko at dei må sikre området.

Dronefoto frå ras, Aurlandsdalen

BRATT OG TRONGT: Ingen bør gå i området før det er sikra, meiner kommunen.

Foto: Lars Christian Vikesland / LCV dronefoto

Ettertrakta, men risikofylt

Det er Nærøyfjorden Verdsarvpark som står for arbeidet, og dei søkjer no kommunen om pengar til å handtere det som har skjedd i Aurlandsdalen.

– Dei var her for å rydde opp etter det raset som gjekk for ein månad sidan, og så kom dette raset på toppen av det heile, seier Tokvam.

– Kva tenkjer du om at det er såpass rasfarleg her?

– Det er rett og slett berre slik det er i spektakulær natur. Vi har mange bratte fjellsider rundt i Aurland. Det er kanskje det som gjer det ettertrakta å vere turist, men det kjem med risiko på toppen, seier han.

Kvart einaste år blir det lagt ned mykje innsats for å halde stien ved like i det majestetiske landskapet gjennom dalen. Med stupbratte fjell på kvar side er det ikkje uvanleg med ras. Tokvam seier det er ein generell fare rundt alle desse bratte skråningane.

– Dette er eit område som er aktivt med ras i dag, og risikoen peikar seg ut.