Hopp til innhold

Rår frå konsesjon til kraftverk

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane rår sterkt frå at det vert gitt konsesjon til Melkevoll kraftverk i Storelva i Oldedalen. Dette på grunn av store synlege inngrep og periodevis sterkt redusert vassføring i eit verna vassdrag. Melkevoll Elvekraft SUS har søkt om konsesjon for eit kraftverk med inntak i Storeelva ved Melkevoll Bretun. Fylkesmannen meiner at utbygginga vil redusere landskapsopplevinga av elva i eit område som er viktig for friluftsliv, samt ein innfallsport til Jostedalsbreen nasjonalspark.