NRK Meny
Normal

Ny rapport: Ingen automatikk i at Røe Isaksens storfusjon gir betre forsking og utdanning

Men etter det NRK kjenner til tilrår likevel fusjonsutgreiarane at Høgskulen i Sogn og Fjordane slår seg saman med Bergen og Stord/Haugesund.

tri

IVRAR FOR HØGSKULEFUSJON I VEST: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) meiner fusjon må til for å betra forskinga og utdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og andre mindre høgskular i landet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Leiinga er nøgd med rapporten, fordi han er nøktern.

I varsame ordelag orienterte rektor Rasmus Stokke ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) høgskulestyret om den førebelse fusjonsrapporten 17. desember. Stokke vil ikkje kommentera innhaldet før utgreiinga blir offentleg seinare i dag.

Rasmus Stokke og Åse Neraas

«EI NØKTERN UTGREIING»: - Rapporten gir ikkje svar på om me bør gå vidare i fusjonsforhandlingar eller ikkje. Det må styret finna ut sjølve, seier høgskulerektor Rasmus Stokke, her i samtale med styremedlem Åse Neraas under styremøtet 17. desember.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Men etter det NRK kjenner til, skal ein av konklusjonane vera at ei samanslåing av HiSF og høgskulane i Bergen (HiB) og Stord/Haugesund (HSH) i seg sjølv ikkje automatisk vil føra til betre forsking og utdanning.

Fusjon som sjølve løysinga

Det står i kontrast til bodskapen frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), som gjentekne gonger har sagt at HiSF bør slå seg saman med andre for å betra kvaliteten:

– Har du små og fragmenterte fagmiljø, blir ikkje forskinga og utdanninga bra nok. Difor har me sagt til alle institusjonane: Sjå dykk om etter partnarar, sa statsråden 23. februar:

Regjeringen vil slå sammen høgskuler for å bli best i verden på forskning

VIL VERA SJØLVSTENDIG: Høgskulen i Sogn og Fjordane har streta mot tvangsekteskap med andre. Fjernsynsreportasje, 23. februar 2015

Det er denne insisterande haldninga som er bakgrunnen for at forskingsinstituttet NIFU har greidd ut ein storfusjon mellom HiSF, HiB og HSH frå 2017.

Presset kjem òg frå Stortinget som tidlegare i år vedtok ei rekkje kvalitetskrav som alle høgskular og universitet må innfri.

Måtehalden utgreiing

Å stetta desse krava blir altså ikkje i seg sjølv lettare for HiSF ved ein fusjon. Kvalitetshevinga må dei tre eventuelt samanslåtte høgskulane skapa sjølve.

Slik kunne iallfall Stokke tolkast då han i generelle vendingar orienterte høgskulestyret om ein førebels rapport sist torsdag:

– Utgreiarane har vore nøkterne i kva me har å henta i ei samanslåing kontra det å stå åleine.

Tilrår samanslåing

Sjølv om rapporten skal slå fast at ein fusjon ikkje automatisk vil betra forskinga og utdanninga, skal utgreiinga likevel tilrå høgskulen å gå inn i ei samanslåing, fordi moglegheitene for å styrkja seg på fleire område er større enn dei negative verknadane.

Samstundes skal utgreiinga etter det NRK kjenner til vera måtehalden til vidare åleinegang.

Jan Olav Fretland og Trond Ueland

KREVJANDE VAL: 4 februar skal styremedlem Jan Olav Fretland (midten), styreleiar Trond Ueland (t.h) og resten av høgskulestyret seia ja eller nei til fusjonsforhandlingar med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Lagnadsdato: 12. mai

Høgskulestyret står framleis fast på at sjølvstende vil vera det beste. Men i haust sa styret samstundes ja til storfusjonsutgreiinga, som kjem i dag.

4. februar må styret bestemma for om dei skal gå inn i samanslåingsforhandlingar med HSH og HiB.

– Me kan forhandla fram til styremøtet 12. mai. Då må styret ta ei endeleg avgjerd om høgskulen skal fusjonera, seier styreleiar Trond Ueland.

Volda framleis aktuell

I nordfylket vurderer Høgskulen i Volda (HiV) å skipa ein allianse med høgskulane i Molde og Lillehammer. HiV vil gjerne ha HiSF med der. Ein slik alliansemodell vil vera lausare i fisken enn ei rein samanslåing. Kunnskapsministeren skal seia ja eller nei til dette i midten av januar.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.