– Det har vore ei stor belastning for alle involverte. Mange har hatt tunge dagar og netter, seier advokat Eivind Arntsen, som har leia arbeidet for advokatfirmaet Brækhus.
Etter mange år med uro i Sogn barnevern kom det fleire varsel om kritikkverdig arbeidsmiljø. På to år slutta 18 tilsette.
Sogn barnevern har vore i hardt vêr før. Fylkesmannen avdekte alvorlege brot under eit tilsyn mellom 2015 og 2016, og slo fast at hjelpa frå barnevernet ikkje var god nok.
Til ein prislapp på over 2,5 millionar kroner har fem advokatar jobba med å granske dei tidlegare konfliktane. Rapporten blei bestilt av Sogndal kommunestyre, og denne veka kom han på bordet etter fleire utsettingar.
Det er sju ulike varslarsaker. Varsla handlar blant anna om tilsette som føler seg mobba av ein tidlegare leiar, og som hevdar at dette har gitt traumer.
– Vi har funne ulike brot på arbeidsmiljølova gjennom trakassering og diskriminering, seier Arntsen.
– «Luktar vondt»
Eitt varsel handlar om baksnakking på arbeidsplassen, der ein tilsett skal ha blitt omtala som «ho er ein person som luktar vondt» og at ho «stinka ut heile kontoret» av ein overordna.
Andre har varsla om at dei blei diskriminerte for å vere medlemmar i ei fagforeining, og at ein varslar ikkje fekk tilbod om fast jobb på grunn av medlemskapen.
Fleire personar er intervjua i arbeidet med rapporten. Arntsen legg ikkje skjul på at det har vore ei omfattande gransking.
– Det er 25 permar med tusenvis av dokument. Dette er ein av dei mest omfattande granskingane vi har gjort i Noreg etter mi erfaring, seier Arntsen.
Søksmål
No skal setjerådmann Knut Broberg gå gjennom rapporten før han kjem med si tilråding til kommunestyret.
– Saman med kommunen skal eg gå gjennom konklusjonane for å sjå korleis kommunen skal stille seg til dei og korleis dei sakene bør handterast. Dette ligg tilbake i tid, men vi må sjå om det er mogleg å få til gjennopprettande tiltak viss det er det vi konkluderer med.
Fleire av varslarane seier dei vil gå til søksmål mot kommunen.
– Kommunen har i samband med dette engasjert ein eigen advokat, og vi vil ha ein dialog med den andre parten i tida framover.
Han seier dette har vore ei krevjande sak som har pågått over lang tid.
– Det er ikkje tvil om at dette har vore ei stor belastning for alle dei involverte, seier han.