Hopp til innhold

Arbeidarar frykta for tryggleiken - kontroll avslørte mykje laus stein i fjellsida

Fersk geolograpport slår fast at fjellet over ein del av anleggsområdet på Dalsfjordsambandet ikkje har vore godt nok reinska for stein.

Kontroll avslørte dårleg fjellreinsk ved Eikenestunnelen på Dalsfjordsambandet

AVSLØRTE DÅRLEG FJELLREINSK: Bilete syner ein del av steinmassane som vart reinska ned i samband med kontrollen av fjellskjeringane på begge sider av Eikenestunnelen.

Foto: Eystein Grimstad

Ingeniørgeolog Eystein Grimstad har på oppdrag frå Vegvesenet kontrollert fjellsida på begge sider av Eikenestunnelen på Dalsfjordsambandet.

I ein fersk rapport slår han fast at arbeidet som har blitt gjort for å fjerne laus stein har vore for dårleg – under kontrollen fann dei nemleg mykje laus stein i området.

– Steinar som sat fast i fjor haust, har losna litt i løpet av vinteren, Men det er også ting som heile openbert har vore laust frå dag ein, og som ein har oversett under tidlegare fjellreinsking, seier Grimstad til NRK.no.

Verneombod sette foten ned

I lenger tid har det dermed pågått arbeid utan at fjellet over anleggsområdet har vore skikkeleg reinska.

Det er NCC som står ansvarleg for arbeidet på staden. Verneombodet hos deira underentreprenør, K.A. Aurstad, sette før påske foten ned fordi dei frykta for tryggleiken til arbeidarane.

Også i fjor sommar slo ein anleggsleiar på vegen alarm i media om rasfare på anlegget, og gav uttrykk for at han var uroa for tryggleiken til både arbeidarane og framtidige trafikantar.

Vegvesenet stogga då arbeidet ein periode.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinras ved Eikenes

RAS: I august i fjor gjekk det eit steinras på den framtidige Dalsfjordvegen i området ved Eikenes.

Foto: Steinar Bauge

– Ujamn tryggleik

Og Grimstad sine undersøkingar viser at tryggleiken har vore varierande.

– Tryggleiken for dei som jobbar på vegen har vore ujamn.

– Det er parti der det har vore dårleg reinska og det kan kome ned stein, og andre parti der det har blitt godt reinska og det er liten sjanse for at det skal kome stein, seier Grimstad til NRK.no.

– Ikkje fare for liv og helse

Det er ikkje dei store mengdene det er snakk om, og heller ikkje dei store steinane. Men dei er meir enn store nok til å gjere skade.

Difor vart også Arbeidstilsynet kopla inn, seier tilsynsleiar Rune Ravnestad.

– Det er alvorleg når eit hovudverneombod stoggar eit arbeid. Då går vi inn og vurderer det. Er det fare for ras, så er det ein farleg situasjon.

– Korleis handterer dokke saka vidare?

– Vi skal gje verksemda ein rapport ut frå det tilsynet vi har gjort. Skal arbeidstilsynet stogge arbeidet må det ligge føre umiddelbar fare for liv og helse, og det har vi ikkje dokumentasjon for at det er, seier Ravnestad til NRK.no.

Må sikrast før vegen kan opne

Geolograpporten viser at det er behov for ytterlegare reinsking, noko som uansett må gjerast før vegen kan brukast.

– Om det er kraftig regnvêr kan det kome stein ut av ei høg skjering der det har vore dårleg reinska, seier Grimstad.

NCC vil ikkje kommentere saka overfor NRK, og viser vidare til Statens vegvesen.

– Det kan ein alltid diskutere

Einar Hovland i Statens vegvesen er prosjektleiar for Dalsfjordsambandet.

– Er det godt nok når det har vore laus stein medan arbeidet har gått føre seg?

– Sjølve arbeidsoperasjonen er delt inn i fleire omgangar, først har du sprenging, så har du driftsreinsk som er nødvendig for at entreprenøren skal kunne opphalde seg i skjeringa. Til slutt har du spettreinsk, og den må entreprenøren gjere i ettertid. Då går ein over heile skjeringa og reinskar den, seier Hovland.

– Men har driftsreinsken vore god nok når det har vore laus stein når arbeidet har pågått, og hovudverneombodet i K.A. Aurstad la ned arbeidet fordi dei ikkje kjente seg trygge?

– Det kan ein alltid diskutere, men hensikta med spettreinsken er å manuelt gå over kvar kvadratmeter med fjellskjering. I år har vi også hatt tilfelle med mykje is i skjeringane, som då og har kome ned, seier Hovland.

Han lovar at området skal vere trygt til Dalsfjordsambandet skal opne i haust.

– Det skal vi få til, slik at vi kan køyre sikkert på vegen.