Hopp til innhold

Rapport avdekkjer fylkeskommunale regelbrot

LEIKANGER (NRK): Det er avdekt fleire brot på regelverket om offentlege innkjøp i fylkeskommunen. Frank Willy Djuvik, leiaren i kontrollutvalet, ser så alvorleg på saka at han har kalla inn til ekstramøte.

Møte i kontrollutvalet

På SKYPE: Revisoren frå Deloitte, som var med på Skype, fortalde om fleire brot på regelverket i fylkeskommunen sine innkjøpsrutinar under møtet i Kontrollutvalet. Frank Willy Djuvik ser alvorleg på saka.

Foto: Bård Siem / NRK

– For å seie det slik, så er det ikkje berre mindre avvik som er avdekt, fortalde revisoren i Deloitte, Frode Løvlid.

Revisorfirmaet er leigd inn og har gjennomført ein kontroll av fylkeskommunen sine innkjøpsrutinar. På dagens møte i kontrollutvalet tok revisoren ein munnleg gjennomgang av den førebelse rapporten.

Det er fylkestinget som har bede kontrollutvalet ha eit spesielt fokus på offentlege innkjøp etter Fjord1-saka, der fylkeskommunen i strid med regelverket kjøpte konsulenttenester for fleire millionar kroner utan å legge det ut på anbod.

– Vi har mellom anna sett innkjøp som ikkje har vore lagt ut for konkurranse. Relativt mange av dei kontrollerte innkjøpa har ikkje vore godt nok dokumenterte. Vi har funne brot på ulike delar av regelverket, fortalde Deloitte-revisoren.

Han viste til at det har vore gjennomført stikkprøvekontrollar av ulike typar fylkeskommunale innkjøp.

Ekstramøte

Leiaren i kontrollutvalet, Frank Willy Djuvik, ser så alvorleg på dette at det vil bli eit ekstramøte i byrjinga av desember for å diskutere saka.

– Dette er eit område som vi har spesielt fokus på, ikkje minst sidan fylkeskommunen handlar for om lag to milliardar kroner årleg, seier Djuvik.

Han meiner det er beklageleg at det også denne gongen viser seg at fylkeskommunale innkjøp ikkje har vore sett ut på anbod.

– Sidan vi fylkeskommunen har fått kritikk for dette tidlegare, trudde eg det var ordna opp, seier han.

Kan fylkeskommunen i verste fall få erstatningssøksmål mot seg sidan innkjøp ikkje har gått føre seg på korrekt måte?

– Det kan eg ikkje seie noko om no. Men generelt kan vi seie at der det er gjort feil i innkjøpsarbeidet kan vi bli bøtelagde. Vi kan bli erstatningspliktige overfor leverandørar.

Fylkesrådmann Tore Eriksen viser i ei tekstmelding til at han har sendt uttale sin til revisoren, og at han ikkje ønskjer å kommentere saka overfor NRK.

Det er venta at den endelege rapporten frå Deloitte vil bli lagt fram i løpet av neste veke.