Det er discjockey Tommy A. Olsen og musikar Frank Scott frå Levanger som står bak singelen.
- Vi er begge to veldig begeistra for Olav Stedje som artist, og ideen har vore å lage ein ny versjon slik at han blir meir tilgjengeleg for dei som ikkje kjenner til han frå før, seier Tommy A. Olsen.
Rytmar og melodiar
Han slo seg saman med Frank Scott i fjor då han fekk ideen til denne låten.
- Eg driv mest med rytmar, medan Frank driv mest med melodiar. Når vi slår dette saman, får vi ein veldig god kombinasjon, seier Olsen.
Stedje positiv
Olav Stedje
Dei tok kontakt med Olav Stedje, og han var veldig positiv til prosjektet. Han likte tanken på å gjere noko nytt med låten som Svein Dag Hauge har laga. Han reiste til Levanger og spelte inn songen på nytt.
- Så dette er ikkje ein sampling, vi har spelt inn alt på nytt igjen med Olav Stedje i studio, seier han.
Rappar frå Ikjefjord
Men dei måtte ha ein rappar, og det var viktig å finne ein med same dialekt som Olav Stedje. Dei fann fram til 21 år gamle Knut Brekken frå Ikjefjord i Høyanger kommune.
- Han har same dialekt og er veldig dyktig. Det fungerer veldig bra med desse to ilag, seier Olsen.
Fokus på dialektar
Hadde dei ikkje fått tak i ein som hadde same dialekt som Olav, hadde dei droppa det.
- Ideen bak Agenda-prosjektet som vi kallar oss, er å få fram det norske språket og norske dialektar. Og også det å hente fram artistar det er lenge sidan vi har høyrt noko frå, seier musikkprodusenten.
Håper på blest
Dei to produsentane håpar at dette er ein single folk vil ha, og dei er spente på korleis songen vert motteken. Dei valde "Vi vandrar saman" på grunn av melodien, fordi den eignar seg som ein raskare popversjon.
- Olav Stedje er i studio no og spelar inn ny soloplate som kjem i haust. Vi håper at dette skaper litt best rundt han. Dette er ein song for heile landet, for han er ein av Norges beste popartistar, seier han.