Hopp til innhold

Ransdømd vart drapsmann i prøvetida

Høgsterett skjerpar straffa for ein 21-åring etter at ein nordmann vart funnen død i Praha i fjor haust. – Dei etterlatne er tilfredse med straffa, seier advokat David Oplatek.

Nordmann funnen drepen i Praha

USEMJE: Politiet meiner usemje førte til at dei tsjekkiske mennene først slo nordmannen bevisstlaus, før dei rana han og drepne han for å skjule ranet.

Foto: AKTU.cz

Oplatek har i to rettsrundar representert familien til den drepne mannen i 60-åra frå Sogn og Fjordane.

Nordmannen vart i fjor haust funnen død i nokre busker i ein park i distriktet Zličín, vest i Praha . Fem dagar seinare vart to tsjekkiske menn arresterte .

Ein 28-år gamal tsjekkar vart tidlegare i år dømd til fengsel i 18 månader for å ha vore med å rana nordmannen. 21-åringen som politiet meiner stod for den fatale valden, vart dømd til fengsel i 15 år for drap . Både han og påtalemakta anka.

Høgsterett i Praha skjerpa straffa til 18 år i høgrisikofengsel.

At han berre månader før den dødelege valden vart dømd for ran, tala ikkje i favør av 21-åringen.

«Tiltalte har oppfylt kriteria for fire straffbare forhold mot ein eldre person, som han var fysisk overlegen. Ifølgje ein psykologekspert er prognosen for rehabilitering veldig dårleg, nær utelukka», skriv retten.

Mannen sin forsvarar, Jitka Oliberiusova, vil ikkje kommentere avgjerda til Høgsterett i Praha, utover at ho meiner hendingsgangen verken er fullt ut klarlagt eller lagt vekt på.

– Klienten min har aldri nekta for det fysiske angrepet mot fornærma, men viktige detaljar, som vart presentert av forsvaret, vart ikkje tilstrekkeleg handsama av retten. Desse detaljane er eigna til å endre den juridiske vurderinga, seier ho.

Det er førebels uvisst om dommen blir anka til den nasjonale Høgsterett.

Skjule lovbrot

Oliberiusova argumenterte i retten for at valden fann stad før dei rana nordmannen, og ikkje etter for å skjule lovbrot slik politiet hevdar. 21-åringen hevda han aldri meinte å drepe.

Mennene skal ha møtst på ein busstopp ved flyplassen på kvelden 11. oktober, og saman reist til parken for å feste. Allereie på bussen vart det konflikt.

I parken vart mannen slått medvitslaus og fråstolen mobiltelefon, og lommebok med kredittkort og kring 600 kroner.

I Tsjekkia er 15 til 20 års fengsel den mest vanlege straffa for drap, men i ekstreme tilfelle opnar lova for fengsel i inntil 30 år eller livstid.

Dei to tsjekkarane vart i kommunalretten også dømde til å betale over ein halv million kroner i erstatning til dei etterlatne, samt 4.000 kroner i erstatning til ambulansetenesta i Praha.

Høgsterett i Praha oppheva dette, samt let det vere opp til ei sivilsak å avgjere erstatningsspørsmålet.