NRK Meny
Normal

Ramsland: – Eg kjem ikkje til å sova godt i natt

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Martin Ramsland hadde ein alle tiders sjanse til å avgjera kampen mot Odd, men bomma. I tillegg fekk han sesongens tredje gule og må stå over mot Rosenborg.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Odd Eliteseriekampen i fotball mellom Sogndal og Odd på Fosshaugane Campus.

SKUFFA: Sogndal-spelar Martin Ramsland var frustrert både under og etter kampen mot Odd.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg kjem ikkje til å sova godt i natt. Då eg fekk lurt vekk forsvararen var eg heilt upressa, men avslutninga vart for dårleg, seier Martin Ramsland til NRK.

For med knappe 15 minutt att av heimekampen mot Odd vart han spelt fri av Gilbert Koomson etter ei kontring. Ramsland fekk lurt vekk forsvararen og hadde sjansen aleine med Odd-keeper Sondre Rossbach, men avslutninga gjekk midt på keeperen.

Det var kampens største sjanse, men med bommen så enda det med poengdeling mellom Sogndal og Odd.

Og ikkje nok med det, men fem minutt før pause fekk Ramsland det gule kortet av dommar Kristoffer Hagenes. Det var hans tredje for sesongen, som betyr at han må sone karantene når Sogndal reiser til Lerkendal neste helg.

– Det er surt å stå over alle kampar, men Rosenborg borte er ein storkamp. Det hadde vore gøy å reise til Lerkendal og fått prøvd seg mot dei beste spelarane i landet, seier Ramsland.

Laster innhold, vennligst vent..
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser