Hopp til innhold

Ramsland om Hoseth: – Han skulle heilt klart ha blitt utvist

SOGNDAL (NRK): Martin Ramsland gjekk i bakken etter ein olboge i magen frå Magne Hoseth. – Idiotisk av meg, seier Hoseth.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Kristiansund.

TØFFING: Martin Ramsland er kjend for å gje juling, men likte dårleg å bli slått i brystkassa av Magne Hoseth.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Det var ein liten duell først og så fekk eg ein olboge i magen. Dei som driver med slikt får sjå det på video i ettertid og gje han den straffa han fortener, for han skulle heilt klart blitt utvist, seier Sogndal-spiss Martin Ramsland til NRK etter kampen.

Magne Hoseth har spelte fleire hundre kampar i eliteserien i karrieren, men dei knappe 20 minutta han fekk mot Sogndal for Kristiansund var dei første på to år, etter spel for Notodden i andredivisjon.

Og etter knappe ti minutt på bana var han involvert i ein situasjon med Sogndal-spissen. Hoseth hadde ballen på midtsirkelen og Ramsland jaga bak for å ta ballen. Han sprang inn i Hoseth og etter at veteranen hadde slått ballen vart Sogndal-spelaren liggande å vri seg i smerter.

– Idiotisk av meg

Ingen av dommarane fekk med seg situasjonen, og spelet gjekk vidare. Etter kampen innrømma Hoseth at han var ufin med sørlendingen.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Kristiansund.

VETERAN: Magne Hoseth har blitt 36 år og kampen for Kristiansund mot Sogndal var hans første i eliteserien sidan han spelte for Aalesund i 2015 sesongen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

– Han sprang i meg og eg vart irritert. Då eg sette fart og sprang framover kom det ein olboge som treff han i magen. Det er uheldig og idiotisk av meg sjølvsagt. Det er ikkje meininga å skada folk, men eg skulle berre gje beskjed om at han ikkje kan drive å springe rett inn i folk bakfrå, seier Hoseth til NRK.

– Fryktar du straff frå fotballforbundet i ettertid?

– Det kan dei sikkert gje meg og viss eg får straff så skal eg ta det som ein mann og ikkje syte. Men om det der gjev karantene så er det mange situasjonar som må granskast, seier han.

For Ramsland er ikkje i tvil.

– Han slår meg rett i brystkassa, det er ikkje slik at eg kastar meg ned. Det er eit hardt slag og eg får vondt, seier han.

Og legg til.

– Det er ikkje eg som skal bestemma straffa, men dei som kan det får gje han den straffa han fortener. For han skulle heilt klart ha blitt utvist i denne kampen her, seier han.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Kristiansund.

ROLEG: Sogndal-trenar Eirik Bakke var mest nøgd med at laget tok sin første trepoengar på sju veker, og brukte lite energi på episoden etter kampen.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Sogndal-trenar Eirik Bakke fekk også med seg situasjonen, men tok det med knusande ro.

– Eg ser på reprisen at han er borti, men vi får la den gå sidan Magne er ein gammal mann. Ramsland må stå på beina, det er slik som skjer i kampen. Om Magne har vore litt ufin så er det ikkje første gang. Hoseth har aldri slått særleg hardt, seier Bakke med eit smil.

NRK har ikkje fått tak i dommar Trygve Kjensli etter kampen.