Hopp til innhold

Kunne vore blant topp 5 - ramla og hamna på 8. plass

Johannes Thingnes Bø var nummer 5 ut frå siste skyting, 30,8 sekund bak teten. Men etter ein tur utom løypa, var det ikkje sjanse for stryningen til å kjempe om pallplass i normaldistansen i OL.

Johannes

IKKJE FULLKLAFF: Johannes Thingnes Bø hamna til slutt på 8. plass på normaldistansen i Sotsji.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ungguten frå Stryn, som er i sitt første OL, klarte seg med berre éin bom på skytinga under normaldistansen.

Med god fart i sporet hadde veslebror Bø sjansen til å nærme seg pallen. Men like etter siste skyting, syner TV-bileta frå TV2 at Johannes Thingnes Bø mista balansen, og skar ut av løypa før han gjekk over ende.

Med det var det ikkje snakk om å nærme seg pallen på noko vis.

Storebror fekk ikkje gå

Emil Hegle Svensen vann normaldistansen etter spurtduell med franske Martin Fourcade. Tsjekkiske Ondreij Moravec enda på bronseplass. Ole Einar Bjørndalen hamna til slutt på ein 22. plass.

Tarje Bø hadde ikkje nok poeng og fekk ikkje gå normaldistansen i dag. Bø er regjerande verdsmeister på distansen.

Frå start gjekk Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen kjapt i tet, tett følgde av Ole Einar Bjørndalen.

Bø bomma på eitt skot på første skyting, og fekk slik ein tung start på normaldistansen.

Johannes Thingnes Bø

GJEKK UT I TET: F.v. Johannes Thingnes Bø gjekk saman med Ole Einar Bjørndalen hardt ut frå start. Bjørndalen fekk totalt seks bom, fire av dei på siste skyting, og var ikkje med i medaljekampen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Kjende seg sprek i sporet – men bomma stygt

Veteran Ole Einar Bjørndalen var i medaljeposisjon før siste skyting. Men med fire bom, var det få lyspunkt fram mot målpassering.

– Eg skyt fire bom. Frykteleg dårleg. Eg har ingen god forklaring. Kjende meg sprek i sporet og klar for rask sisterunde, men det var det ikkje noko hjelp i i dag, seier Bjørndalen.

Han legg ikkje skjul på at han er skuffa. Med siger i dag, kunne han tangert Bjørn Dæhlies rekord med åtte olympiske gull.

– Det var ein dårleg serie, men eg har inga god forklaring. No får vi roe litt ned, og så sjå framover, seier Bjørndalen.

Onsdag er det mix-stafett, og fredag er det stafett for skiskyttarherrane.