Hopp til innhold

Alvorleg skadd etter fallulykke

Ein 63 år gammal mann er alvorleg skadd, men stabil, etter at han ramla og skrei utfor ein 40 meter høg skrent på fjellet Storenova i Fjaler i ettermiddag.

Storenova i Fjaler

– Vi fekk melding klokka 13:30 om at ein person var skadd etter å ha falle og sklidd ned delar av ei fjellside. Vi bestemte oss for å sende redningshelikopter i tillegg til luftambulanse, seier Cecilie Øversveen ved Hovudredningssentralen til NRK.no.

Ifølgje Hovudredningssentralen skal fjellsida vere på om lag 40 meter.

Vert send til Haukeland universitetssjukehus

Både luftambulanse og redningshelikopter vart sende til staden for å berge mannen ut.

Klokka 14:40 hadde redningshelikopteret henta ut personen og teke vedkommande med til sjukehus i Førde.

Den skadde mannen vert klokka 16.30 frakta til Haukeland universitetssjukehus for vidare behandling, opplyser AMK.