Hopp til innhold

Miste kontrollen midt i svevet - og dette er heile skaden...

HOLMENKOLLEN (NRK.no): Berre nokre dagar før VM i skiflyging fekk Anders Fannemel (22) seg ein støkk då han ramla i hoppbakken - men ei fart på over 90 km/t.

Fekk berre skrubbsår etter stygt fall

VAR HELDIG: Anders Fannemel kan tillate seg å glise breitt etter fallet i Holmenkollen. Skaden var eit lite skrubbsår på albuen - og honndølen er dermed høgaktuell for VM i skiflyging.

Foto: Rune Fossum / videospelar / NRK

– Eg slapp heldigvis frå det nesten utan skade. Eg var heldig, konstaterer Anders Fannemel etter det som såg ut som eit stygt fall under kvaliseringa til verdscuprennet i Holmenkollen.

Overfor NRK.no forklarer nordfjordingen at han blødde litt frå albuen etter fallet, og at han dagen etter er litt nummen i underarma. Det er alt.

– Eg prøvde å lande på skia, men det vart vanskeleg då eg heldt på å tippe rundt. I staden vart det ei reflekshandling, som heldigvis fungerte bra. Eg landa på sida og slo meg nesten ikkje, seier Fannemel.

(Artikkelen held fram under videoen)

Anders Fannemel falt under dagens hopp kvalik i verdenscupen

STYGT FALL: Her ramlar Anders Fannemel i over 90 kilometer i timen i Holmenkollen.

– Det svartna nede på sletta

Med fallet vart 22-åringen ståande utan teljande resultat i Holmenkollen. Han var tydeleg irritert på seg sjølv, og spaserte rett forbi mixed zone - utan å ville prate med pressa.

– Det svartna for meg då eg stod nede på sletta. Adrenalinnivået var veldig høgt, og eg var irritert på at eg ikkje kvalla, seier han.

– Men eg er nøgd med at eg var såpass tøff at eg torde å satse og gå «all in», trass i litt vanskeleg vind.

– Er du litt på gli igjen, etter eit par renn under pari?

– Ja, eg nærmar meg. Det er jo ikkje meir enn halvanna veke sidan eg var topp ti i verda. Det er små detaljar som skal til, seier Fannemel.

Satsar på å hevde seg i toppen i VM

No set skihopparen kursen for Lillehammer, der han måndag skal gjennomføre nokre treningshopp for å finne att godkjensla.

Samstundes er uttaket til VM i skiflyging like om hjørnet. Der håpar Fannemel å komme med.

– Om det går greitt på trening, så reiser eg nok til Harrachov. Eg trur hoppet i kvalifiseringa i går hadde floge godt der, flirer han.

– Eg har som mål å hevde meg i toppen. Alt kan skje. Det gjeld berre å få eit bra toppnivå og gå «all in» der også.

– Kva har eit fall så tett opp til VM å seie for det mentale i skiflyging?

– Det er vanskelegare å stole på bileta ein har i hovudet når ein sit på toppen. Eg må jobbe med meg sjølv. Men eg har mange hopp i vinter, der eg like gjerne kunne ha snurra - så dette er ein del av skiflyginga, seier Fannemel.