Hopp til innhold

Rallarvegen har fått skader etter vinteren

Bane NOR oppmodar syklistar om å trille sykkelen enkelte stadar.

Rallarvegen har fått skader etter vinteren

SKADER: Populære rallarvegen er ikkje alle stader den lettaste å sykle etter vinteren.

Foto: Olav Hande / Bane Nor

Snøsmelting og regn har vaska ut stein og grus. Nokre plassar er vegen i så dårleg stand at Bane NOR som har ansvaret for strekninga oppmodar folk om å trille sykkelen.

Det gjeld spesielt ved Kleivagjelet, der vegen er utvaska av nedbør og snøsmelting.

Det skriv Bane NOR i ei pressemelding.

Rallarvegen har fått skader etter vinteren

RASA UT: Snøsmelting og regn har vaska ut stein og grus. Nokre murar har også rasa ut eg er sett opp att.

Foto: Olav Hande / Bane Nor

Vegen er ein populær sykkeltur om sommaren, men dei høgste partia kan det fort gå ut i juli før snøen er smelta.

Blir rusta opp i sommar

Vegen vart bygd då arbeidet med Bergensbanen tok til i 1894. Den er klassifisert som kulturminne.

Det gjer at Bane NOR må følge ekstra strenge reglar når dei skal reparere vegen før sykkelsesongen set i gang for fullt.

Rallarvegen har fått skader etter vinteren

ARBEID: Det pågår no arbeid fleire stadar langs Rallarvegen.

Foto: Olav Hande / Bane Nor

– Vi må nytta stein som finst lokalt. I sommar vil vi rette opp murar og fylla på masse fleire stader der vegen er skada, fortel prosjektleiar for opprustinga, Ketil Thorsen.

Han håpar folk viser forståing for at det vera vanskeleg å koma forbi arbeidsmaskiner. Thorsen minner folk om å tenke på tryggleiken, og ta det roleg.

– Slik får du ein flott og trygg tur på Rallarvegen, seier prosjektleiaren.

Rallarvegen og Flåmsbana

TOGBANE: Mange syklar Rallarvegen ned til fjorden i Flåm.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Opent to etappar

– Etter nokre kalde veker har endeleg varmen komme til fjellet også!

Mange har syklet Rallarvegen i år

RALLAR: Rallar var namnet på dei som jobba med å bygge jernbanene før i tida. Vegen langs Bergensbana er ein populær tur om sommaren.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Det skriv eit sykkelutleigefirma på sine Facebook-sider. Dei skriv i sin førerapport at det er snøfritt mellom Haugastøl og Finse, og mellom Hallingskeid og Flåm.

Mellom Finse og Hallingskeid er det framleis for mykje snø til at dei anbefaler å sykle der. Det er mogleg å ta tog denne strekninga.

Rallarvegen