Hopp til innhold

Råkøyrde på motorsykkel

Ein mannleg motorsyklist i 30-åra frå ytre Nordfjord er dømt til 18 dagar fengsel utan vilkår for å ha køyrt 140 kilometer i timen i ei 80-sone i Nordfjord. I tillegg til å ha køyrt for fort var skiltet på motorsykkelen bretta på ein slik måte at det var umogleg å lese det. Det melder Fjordenes Tidende.