Hopp til innhold

18-åring køyrde i 119 km/t i over ei mil - vart stoppa av politiet

Ein 18-åring vart i kveld stoppa av politiet etter at det var gjennomført gjennomsnittsmåling på køyretøyet hans i over ei mil på riksveg 15 langs Skredestranda ved Hornindalsvatnet i Eid kommune.

Skredestranda

– Målinga synte at han hadde halde ei snittfart på 119 km/t i 80-sona, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Wenke Hope.

Mannen vart fråteken sertifikatet på staden, og saka vil bli følgd opp av Stryn lensmannskontor.

Hope legg til at politiet ser svært alvorleg på hendinga.

Hadde fleire passasjerar i bilen

– Det blir oppretta straffesak, og dette er alvorleg. Farepotensialet er stort. Det var ein ung og urøynd førar som berre har hatt førarkort nokre månadar, seier Hope.

Mannen køyrde også ein relativt gammal bil og hadde fleire passasjerar.

– Det er ein viss fare for at det kan gå gale når det er møtande trafikk og farten er så høg, seier Hope.

Ho legg til at snittmåling vert nytta der det er føremålstenleg.

– Snittmåling nyttar vi der det er eigna. Vi har bilar med slikt utstyr i, og det blir brukt når det passar, seier Hope.