Hopp til innhold

Råkøyrde gjennom Vestlandet – på pakketur

Sjåførane i sportsbilane som rasa gjennom Vestlandet hadde kjøpt ferdig pakka tur hjå ein turoperatør. Politiet stogga fleire for råkøyring, mellom anna i ein Aston Martin i 137 km/t.

Aston Martin råkøyrde i Sogn og Fjordane

TEKEN: Den kjende sølvbestikkdesignaren frå England må ut med 15 000 kroner i bot og kan ikkje køyre bil i Norge før tidleg i april 2019, etter å ha blitt målt i 137 km/t i denne Aston Martin V8 Vantage.

Foto: Privat

Den engelske turoperatøren spesialiserer seg på turar til dei beste køyrevegane i Europa. Ifølge nettsida, køyrer turleiar i front og leiar an.

I 17-tida tysdag byrja det å hagle inn meldingar til politiet i Sogn og Fjordane.

Sportsbilar skal ha føreteke hasardiøse forbikøyringar på rv. 5 i Sogndalsdalen i Sogn, i ein kø som oppstod grunna asfaltlegging.

Laster Twitter-innhold

Politiet varsla UP-patruljen som stod med laser på E 39 på Byrkjelo i Nordfjord. Samstundes sende dei ein patruljebil frå Førde i Sunnfjord.

Resultat: tre køyrde rett inn i laseren i 106, 107 og 111 km/t.

Verst gjekk det ut over ein engelsk sølvbestikkdesignar. I ein Aston Martin V8 Vantage vart han målt til 137 km/t av patruljen frå Førde. Bota vart 15 000 kroner og den 45 år gamle mannen har køyreforbod i Norge dei neste 22 månadane.

Turoperatør

No viser det seg at følget er på ein organisert bilreise.

Turen varar frå 3. til 11. juni og går gjennom Vestlandet. Bilane kom med ferje til Kristiansand måndag morgon.

Sportsbilar råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

SAMLING: Nokre av sportsbilane parkert. Mannen som fekk køyreforbod etter 137 km/t la ut bildet på turoperatøren si opne Facebook-side medan dei var i nærleiken av Røldal.

Foto: Privat

Turen gjekk gjennom Rogaland og Hordaland til dei kom inn i Sogn og Fjordane via E16 i Gudvangen. Etter ein tur innom Lærdalstunnelen, køyrde dei fjellvegen mellom Aurland og Lærdal.

På Lærdalsøyri svinga dei nordover. Og frå femtida tysdag kom altså meldingane om rådyre sportsbilar og forbikøyringar.

19 bilar

Politiet meinte at det var ni sportsbilar i følget. NRK kan fortelje at ved avreise England skal det ha vore minst 19 bilar.

NRK har sett lista over bilane og førenamna på dei som er om bord.

Her er fleire BMW-ar, ein Lotus, fleire Porsche, mellom anna fleire Cayman, ein Aston Martin, ein Nissan GTR, fleire Mercedesar, ein Caterham, ein Mustang GT og ein Mclaren.

Lotus råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

ORANSJE: Ein Maclaren var med i følget av sportsbilar.

Foto: Privat

To turleiarar er med. Ifølge heimesida køyrer den eine fremst og viser veg, medan den andre køyrer bakarst.

Politibetjent Torbjørn Sælen var i UP-patruljen som stogga råkøyrarane.

Torbjørn Sælen
Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg spurde om dei brukte norske vegar som racerbane. Det nekta dei for, seier Sælen.

– Ingen fartsfest

På heimesida skriv turoperatøren at det ikkje er trong for å bryte fartsgrensa og at ingen får premie for å køyre fort eller komme først.

Råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

SVART: NISSAN GTR.

Foto: Privat

Men ein tidlegare gjest skriv i ei reisevurdering på Google:

– Kvar sjåfør kan køyre i sitt eige tempo. Mellom stoppepausane har dette ein tendens til å forme seg i to grupper. Den fremre gruppa blir for dei som har lyst til å trykke på, mens den bakre er for dei som ønsker eit avslappa tempo.

NRK har fleire gonger prøvd å få tak i turleiarane, utan å lukkast.

Råkøyrde gjennom Sogn og Fjordane

GUL: Denne Lotus Exige var ein i rekkja av eksklusive superbilar i høg fart gjennom fylket.

Foto: Privat