NRK Meny
Normal

«Raude rakettar» observert i 1972

I samband med ubåtdramaet i 1972 sleppte Forsvaret synkemine mot fem «raude rakettar» i Sognefjorden.

Ubåtjakt i Sognefjorden.

Nye opplysningar i nedgraderte dokument frå Forsvaret, avslører at det vart observert fem raude rakettar utanfor Hermannsverk. Marineskipet 'Trondheim' sette med ein gang med søk - og kring ein time etter observasjonane vart det sleppt synkemine i same område.

Foto: NRK

Dei «raude rakettane» vart i 22-tida 21. november observert skotne opp utanfor Hermansverk av både folk på land og ombord motortorpedobåten «Kjapp». Ein time seinar vart det sleppt synkemine i same området.

- Det er veldig interessant, for det er nok eit eksempel på at det skjedde noko nede i fjorden som vi framleis ikkje heilt veit, seier Rune Timberlid, tidlegare redaktør og journalist, som jobba mykje med ubåtsaka for snart 40 år sidan.

- Stadfestar rykte

Timberlid meiner dei nye opplysningane som kjem fram i nedgraderte dokument frå Forsvaret, stadfestar rykta om at det var skote opp rakettar frå Sognefjorden.

- Desse rakettane vart grunnlag for mykje rykte som gjekk langs Sognefjorden den gongen. Rykta gjekk på at rakettane var eit signal frå ubåten til kontaktmenn på land.

Det er tidlegare spekulert i om ubåten var frå Sovjet, og at den vitja norges lengste fjord for å sette av agentar eller for å skyte opp rakettar mot USA .

- Ein del var redde

Ingen veit sikkert kva ubåt som var årsaka til den 16 dagar lange ubåtjakta i Sognefjorden . Den vart aldri funnen. Men dåverande politioverbetjent ved Sogn politikammer, no 90 år gamle John Skjelbred, stadfestar at han fekk inn fleire meldingar frå folk om rakettane.

- Det vart ein del telefonar i samband med det. Det var ikkje vanleg at det vart skote på den måten. Ein del av dei som ringde var redde, seier han.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2010_1_5_11_10_22_2715.jpg

Brukt i naud

Tidlegare ubåtkaptein og øverstkommanderande i Nord Norge, Einar Skorgen, seier bruk av «raude rakettar» vanlegvis er eit teikn på at nokon er i naud.

- Det kan ha vore fem gutar som sat i lia og tykte det var moro å skyte dei opp. Men det kan også ha vore naudsignal frå ein annan, seier han og tykkjer det er underleg at å bruke synkemine ein time etter observasjonen.

Hadde folk i Sogn

Timberlid seier det meste tyder på at rakettane vart skotne opp frå sjøen. Han meiner at ein ikkje kan utelukke at rakettane vart skotne opp for å få kontakt med folk på land på Hermansverk.

- Det har vore snakk om at den sovjetiske ambassaden hadde folk i Sogn ein periode før ubåtjakta. Så det kan ha vore sonderinga og at dei hadde kontaktfolk i land. Det er ikkje usannsynleg, seier han.

Video nsps_upload_2010_1_5_19_51_23_2803.png
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser