Hopp til innhold

Råka av oljekrisa

Ein tøff marknad har gjort at Høyanger-verksemda Safe Clean har måtte gjere store kutt, skriv Firda. Bedrifta som driv med reinsing av utstyr i oljenæringa var på det meste 32 årsverk. No er det berre åtte igjen, ifølgje avisa. 13 tilsette vart i desember permitterte på ubestemt tid.