Hopp til innhold

Råka av flaum for andre gong på seks år

BREIM (NRK): Audhild Bogstad har brukt heile morgonen på å forsøke å redda husa sine frå dei enorme vassmassane og fryktar det vil ta månadar å rydda opp.

Audhild Bogstad, flaum, Breim

GJENNOM TUNET: Audhild Bogstad fekk elva rett gjennom tunet i morgontimane måndag. Ho kallar situasjonen utriveleg.

Foto: RUNAR SANDNES/ASGEIR REKSNES

  • Sjå video frå øydeleggingane lengre nede i saka.

– Dette er heilt forferdeleg. Oppryddingsarbeidet kjem til å ta fleire månadar før eg har fått all grusen vekk frå markane mine, seier Audhild Bogstad.

Ho bur på Reed i Gloppen i Sogn og Fjordane og i dag tidleg fann elva som kjem frå Utvikfjellet nye vegar. Dei nye vegane gjekk rett gjennom både hus og gardstun.

På andre sida av Utvikfjellet, i Utvik, har fleire bygningar blitt skylte på fjorden og brua på hovudvegen har blitt tatt av vassmassane. Også på Austlandet skapte regnvêret problem, og E6 gjennom Gudbrandsdalen var stengt i fleire timar.

Verre enn sist

For Bogstad er ikkje store mengder nedbør og elver som fløymer over noko nytt. For neste på dagen, for seks år sidan, var det også flaum i området.

Men då var det verst i Stryn.

– Den gongen slutta det på eit tidspunkt. No har det berre fortsett og elva renn i strie straumar over alt her, seier Bogstad.

– Det er utriveleg, legg ho til.

Fleire vart evakuert på Breim, då elva fann nye vegargjennom hus og gardstun.

Slik såg det ut på Breim, frå lufta.

Med god hjelp frå vener, naboar og familie har ho brukt heile morgonen på å forsøka å redda det som reddast kan. For trass i at kjellaren er full i vatn og ei campingvogn var nær ved å bli tatt med nedover bakkane, har ingen blitt skadd.

Jordras Breim

Fleire evakuerte

Gerd Inger og Kjell Risholm, flaum Breim

EVAKUERT: Gerd Inger og Kjell Risholm vart evakuert frå huset sitt i dag tidleg.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Som følgje av dei store vassmassane vart fleire evakuerte. Kjell Risholm vakna av at elva hadde tatt veg gjennom hagen hans.

– Då eg såg ut glaset såg eg at elva gjekk rundt huset. Det rulla stein, og vatnet heldt på å tømme garasjen. Bilane er også flytta rundt på. Det er eit nytt landskap rundt hos her no, og den fine hagen har nok slått følge med elva nedover, seier Kjell Risholm, som vart evakuert i dag tidleg.

Stengte veier, evakuerte boliger og store vannmasser. Det er flom på Breim i Sogn og fjordane.

Her fossar elva gjennom huset til Gerd Inger og Kjell Risholm.

Alt av tilgjengeleg naudetatar vart sett i sving i oppryddingsarbeidet, i tillegg til 12 personar frå Sivilforsvaret.

– Så langt så ser dette ut til å ha gått greitt, for ingen personar har blitt skadd. Det er ein god del materielle skader, mend det har vi ikkje heilt oversikt over enno, seier stabssjef Odd Arve Solvåg.

Eit kraftig regnvêr natt til måndag hadde fått ei elv i Breim til å gå over sine breidder. Det er så langt berre meldt om materielle skadar og ingen personar skal vera skadd.

Slik såg det ut på Breim medan flaumen herja.