Hopp til innhold

Ragnhild har skrive Noregs første ysteleksikon

AURLAND (NRK): Ysting er i vinden, og Ragnhild Nordbø i Aurland har skrive Noregs første ysteleksikon. No har ho lange ventelister til kursa sine.

Ragnhild driv med ysting i Aurland

LIKAR OST: Ragnhild Nordbø og dei andre ysteentusiastane kombinerer tradisjonell norsk ystekunst med kontinentale ostesmakar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg vart overraska over kor mange som faktisk var interesserte i ysting. Men no er det ventelister for å vere med på kurs, ja.

Ragnhild Nordbø driv med ysting og held ystekurs i Aurland i Sogn. Der i bygda er ostetradisjonane svært lange.

– Det har jo vore drive med ysting i heile landet, men det spesielle med Aurland er at tradisjonane har vore uavbrote heilt fram til lokalmattrenden slo inn for rundt 15 år sidan, seier Nordbø.

Ho har vorte ein stor autoritet på dei gamle osteteknikkane, og folk kjem frå heile landet for å lære av ostemeisteren.

– Her får vi eit bra opplegg, og det finst ikkje noko betre tilbod nærare Karasjok, seier finnmarkingen Torgeir Nordsletta.

Han likar godt den nye boka til Nordbø.

– Det er ikkje skrive noko som er like bra på norsk, seier Nordsletta.

Ostesmaking i Aurland

DELIKATESSE: Ostane dei lagar i Aurland fall i smak hos kursdeltakarane

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Er interessert i kjemi

Interessa for ost og lokal gardsmat har Nordbø hatt med sidan ho som ni år gamal jente var med på setra heime i Trøndelag.

– Då eg skjøna at det graset som gror på setra kvart år kan bli til god mat, i staden for å berre døy. då vart eg gripen. Ysting og lokal matproduksjon er med på å utvikle dei norske bygdene og halde dei live, seier osteentusiasten.

Ysting bok av Ragnhild Nordbø

HAR SKRIVE BOK: Ysting er tittelen på det nye ysteleksikonet.

Foto: kaia Johnsen Viki / NRK

Å lage ostar som kombinerer tradisjonell norsk ystemetodar med fransk ostekunst, er eit komplisert fag. Ragnhild Nordbø er særleg fascinert av kombinasjonen av det teoretiske og det praktiske.

– Eg har alltid vore interessert i fag som kjem, og då er det kjekt å kunne bruke det til noko praktisk. Dette er eit ekte handverk.