Ragnhild (91) var nesten invalid – så byrja ho å trimma

FØRDE (NRK): Ragnhild Myklebust kunne ikkje stå på eigne bein. No går ho.

Ragnhild Myklebust utfører øving på seniortrim

SENIORTRIM: 91 år gamle Ragnhild Myklebust utfører øving på seniortrimmen i Førde.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

Eg øydela høgre foten, var nesten invalid og gjekk på krykker i eit og eit halvt år. Ingen hadde forventa at eg skulle stå på beina igjen, seier 91 år gamle Ragnhild Myklebust.

Myklebust er ein av om lag 20 deltakarar som møtest kvar veke på Rødekorsbygget i Førde. Ho er ikkje i tvil om at seniortrimmen har hjelpt henne med daglege oppgåver.

– Det er heilt uunnverleg. Eg byrja å prøva heime og så byrja eg her. Det har hjelpt meg til å skjøna kva eg må ta omsyn til og kva eg må trena opp.

40 år som instruktør

Magni Kvile er ein erfaren og inspirerande instruktør for gruppa. Ho har halde på med seniortrim i 40 år. Kvile er utdanna ergoterapeut og kretsinstruktør i eldretrim.

– Det fyrste programmet eg laga er datert til 1984, fortel Kvile.

Trimmen baserer seg på enkle øvingar, både ståande og sitjande, med ein stol som einaste hjelpemiddel. Deltakarane utfører det dei klarer, og får vist modifikasjonar til kvar øving som kan verka utfordrande.

– Eg synest det er viktig å halda seg ved like. Det er berre trim ein gong i veka, så det kan bidra til vedlikehald.

Fysioterapeut Svein Inge Sunde viser fram dei vanlegaste plagene hos eldre

PLAGER HOS ELDRE: Svein Inge Sunde seier han ofte ser plager frå rygg-, hofte- og kneartrose hos eldre.

Foto: Ragnhild Voreland / NRK

«Gjer det enkelt»

Inaktivitet hos eldre kan føra til at muskulatur blir svekka fort. Fysioterapeut Svein Inge Sunde seier at det er viktig å byggja opp muskulatur ved trening for å førebyggja fall og skadar.

– Det viktigaste er at ein finn ein aktivitet som ein likar. Dette gjer det enklare å koma seg ut. Det skal opplevast enkelt, og ikkje for avansert.

Fysisk aktivitet har mange helsegevinstar som blant anna betre psykisk helse, auka blodsirkulasjon og redusert fare for beinskjørheit. Ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet er dei nasjonale anbefalingane for vaksne 30 minutt moderat aktivitet dagleg.

– Å vera sosial har også ein klar helseeffekt. Det kan vera at eldre sit mykje heime åleine og har lange dagar. Då kan det vera gunstig å koma seg ut blant folk.

Ragnhild Myklebust er klar på at trimmen er ein god sosial arena, og har ikkje tenkt å gi seg med det fyrste.

– Det kan vera ein dag ein ikkje har lyst. Då er det berre å ta seg saman og gå, for ein veit ein har godt av det.