Hopp til innhold

Ragnar (62) føler seg uønskt i skulen

FLORØ (NRK): Han har jobba som lærar i snart 40 år og har alltid elska arbeidet sitt. No føler Ragnar Åmot (62) seg uønskt.

Ragnar Åmot

FORTVILT: Ragnar Åmot (62) har jobba i skuleverket i snart 40 år. No har han fått spørsmål frå Flora kommune om han vil pensjonere seg. Det er vondt å føle seg uønskt, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg har jobba og stått på for å gjere mitt beste for norsk skule i eit langt liv. Då er det vondt å føle seg uønskt, seier Åmot. I bakgrunnen høyrer vi småskuleborn som ropar namnet hans. Ungane gler seg til gymtimen som snart skal starte.

– Eg gler meg kvar dag til å gå på jobb, seier 62-åringen, før han hastar mot garderoben og gymtime for småungane.

Nyleg sendte rådmannen i Flora, Knut Broberg, ut eit brev til rektorane i kommunen. Hovudbodskapen var at det er behov for innsparing, effektivisering og nedbemanning. I eit av punkta blir lærarar, som har nådd ein alder og ei opptening der dei kan gå av med pensjon, oppmoda om å gå av frivillig.

– Eg kjenner fleire kollegaer som tek det tungt, seier Åmot.

Lærar Greta Sårheim Veien hjelper elevar

LIKAR SEG SOM LÆRAR: Greta Sårheim Veien (64) ved Breim skule hjelper elevane Hedda Myklebust og Marthe Paulen i femte klasse. 64-åringen er godt likt av dei unge elevane.

Foto: Bård Siem / NRk

Sjokkert rektor

NRK var nyleg på Breim skule i nabokommunen Gloppen der vi møtte lærarar og elevar.

– Eg forstår godt at dei eldre lærarane i Flora føler det sårande når dei blir oppmoda om å pensjonere seg. Det er viktig med både unge og eldre lærarar i skulen, seier lærar Greta Sårheim Veien (64).

– Eldre lærarar sit med masse kompetanse og erfaring som er svært viktig for skulen. Det er sjokkerande at 62-åringar blir oppmoda om å slutte, seier rektor Marianne Kårstad Raad.

– Eg har jobba to år som lærar og har lært mykje av dei eldre og mest erfarne lærarane, seier Jenny Barmen (25).

Nektar å stille til intervju

Tilbake i Flora vil ikkje rådmann Broberg stille til intervju.

I ei tekstmelding skriv han: «Dette er ei kartlegging og oppmoding via omstillingsutvalet i kommunen der både arbeidsgjevar og arbeidstakerorganisasjonane er samde. Alle stiller seg bak det som er send ut. Det er ikkje på noko vis urett i høve til dei eldre tilsette».

Knut Broberg

AVVISER KRITIKK: Prosessen Flora kommune køyrer, der dei spør om tilsette over 62 år vil pensjonere seg, er «ikkje på noko vis urett i høve til dei eldre tilsette», skriv rådmann Knut Broberg i ei tekstmelding til NRK.

Foto: Bård Siem / NRK

Kritisk

Ragnar Åmot får derimot full støtte frå direktør Kari Østerud ved Senter for seniorpolitikk. Ho meiner kommunen sin framgangsmåte er svært kritikkverdig.

– Når ein sender ut eit slikt brev, så gir kommunen eit tydeleg signal om at dei eldste ikkje er ønska som tilsette i kommunen. Eg forstår veldig godt at Ragnar Åmot og andre seniorar blir fortvile, seier ho.

Østerud meiner det er veldig kortsiktig og lite berekraftig å løyse økonomiske utfordringar i ein kommune ved å pensjonere dei eldste arbeidstakarane.

– Dette er det stikk motsette av kva som er den overordna politiske målsetjinga i Noreg, der vi må behalde folk i arbeid lenger fordi vi blir så mange eldre, seier ho.

Østerud fortel at det ikkje er uvanleg folk over 60 blir diskriminerte i arbeidslivet, men at det er uvanleg at det skjer i det offentlege skuleverket.

Direktør Kari Østerud, senter for seniorpolitikk

KRITISK: – Når ein oppmodar eldre lærarar til å pensjonere seg, så gir kommunen eit tydeleg signal om at dei eldste ikkje er ønska som tilsette i kommunen. Eg forstår veldig godt at Ragnar Åmot og andre seniorar blir fortvile og lei seg, seier ho.

Foto: Hedvig Bjørgum

Avviser kritikk

«Østerud må gjerne ha synspunkt på det. For vårt vedkomande er det viktige at det er semje om det vi gjer med fagorganisasjonane», skriv Broberg i ei tekstmelding til NRK.

Reidar Knapstad er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Flora.

– Vi meiner prosessen som er køyrd av rådmannen er grei. Det er eit spørsmål om ein frivillig ønskjer å gå av med pensjon. Det er ikkje snakk om at nokon er uønska, seier han.

Oppgitt over tillitsvalde

Østerud er oppgitt over at fagforeininga stiller seg bak prosessen.

– Det er ikkje uvanleg at eldre arbeidstakarar føler seg svikta av si eiga fagforeining, seier ho.

Tilbake på skulen er Ragnar Åmot i full gang med gymtimen.

– Vi har mykje å lære frå oss, og vi fungerer ofte som mentorar for yngre lærarar, seier han.