Hopp til innhold

Rådmennene: Dette bør vera kommunesenteret

BALESTRAND (NRK): Rådmennene i Balestrand, Leikanger og Sogndal har sagt sitt: Sogndal bør vera kommunesenteret i den nye storkommunen i Sogn.

Kommunehuset i Sogndal

SOGNDAL OMSTRIDD: Kvar kommunesenteret i den nye storkommunen i Sogn skal liggja, blir eit av fleire krevjande spørsmål når forhandlingane mellom Balestrand, Leikanger og Sogndal startar 3. mai.

Foto: Kjell Arvid Stølen/NRK

NRK har fått tilgang til rådmennene sitt forslag til plattform for samanslåing av Balestrand, Leikanger og Sogndal. Dei administrative toppsjefane er tydelege på kvar kommunesenteret i den nye storkommunen i Sogn skal plasserast:

  • «Kommunesenteret skal vera motor for utviklinga i heile kommunen og i regionen. Sogndal har hatt sterk vekst i folketalet dei seinare åra, og har prognosar for framleis vekst i folketalet. Kommunesenteret vert lagt til regionsenteret Sogndal.»

Samstundes er rådmennene klare på at «talet på arbeidsplassar i kommunehusa i Balestrand og på Leikanger vert halde oppe minst på dagens nivå.»

Rådmennene i dei tre kommunane ønskjer ikkje å kommentere saka.

Kjellaug Brekkhus og Odd Arve Rakstad

GÅR FOR SOGNDAL: Også rådmennene Kjellaug Brekkhus (midten) i Balestrand og Odd Arve Rakstad i Leikanger vil ha Sogndal som kommunesenter.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ikkje heldig

Kommunesenter blir garantert eit betent tema i forhandlingane om ny storkommune, som startar 3. mai i Sogndal.

Ikkje alle er nøgde med rådmennene sitt forslag.

– Det er ikkje heldig. Det er ikkje bra at ein så liten del av plattforma er konkretisert. Plasseringa av kommunesenter er omstridd: Då me tidlegare føreslo Leikanger som kommunesenter, ville dei andre kommunane ikkje ein gong forhandla med oss på det punktet, seier Cecilie Njøs, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Leikanger.

Også gruppeleiaren i det største opposisjonspartiet i kommunen, Ole Simen Nesdal frå Senterpartiet, er ublid på innstillinga frå rådmennene:

Ole Simen Nesdal og Cecilie Njøs

LEIKANGER ØKONOMISK GUNSTIG: – Leikanger har store tomme bygningar til ein administrasjon medan me kan få store inntekter ved å leiga ut kontorlokale i kommunehuset i Sogndal, seier Cecilie Njøs (Leikanger Ap) saman med Ole Simen Nesdal (Leikanger Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Leikanger er den naturlege administrasjonsstaden i den nye kommunen. Leikanger er det geografiske midtpunktet, og Leikanger administrerer mange statlege, regionale og fylkeskommunale etatar, så administrasjon er noko me kan, seier Nesdal.

Varsame ordførarar

Det er ordførarane i Sogndal, Leikanger og Balestrand som har bede rådmennene sine om greia ut eit forslag til plattform for den nye storkommunen i Sogn, som eit grunnlag for forhandlingane som startar i Sogndal onsdag 3. mai.

Dei er varsame i kommentarane sine til innstillinga dei har fått i fanget:

– Som ordførar vil du din eigen kommune best, men det er veldig viktig at me no løfter blikket i forhandlingane og finn løysingar som er til det beste for heile den nye kommunen, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger.

Jon Håkon Odd, Jarle Aarvoll og Harald Offerdal

STARTSKOT: Ordførarane (f.v.) Jon Håkon Odd i Leikanger, Jarle Aarvoll i Sogndal, Harald Offerdal i Balestrand og dei tre kommunestyra møttest fredag i Balestrand.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette er ei innstilling frå rådmennene, men det er me politikarane som set dagsorden, seier ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand.

– Dette er ikkje eit enkelt spørsmål, men noko me må landa på ein skapleg måte, seier ordførar Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal.

  • PS. Rådmennene har ikkje konkludert i to andre spørsmål som blir omstridde: det nye kommunenamnet og samansetjinga av den mektige fellesnemnda, som kjem til å bestemma mykje om korleis den nye kommunen vil sjå ut.