NRK Meny
Normal

Rådmannen nekta å godta skatten – norske kommunar kan spare millionar

Lærdal kommune nekta å godta måten kraftverket førte utgifter på. Det kan føre til at kraftkommunar over heile landet sparar fleire hundre millionar kroner.

AlfOlsen

KLAGE KAN GJE RINGVERKNADER: Rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeise / NRK

Norske styresmakter har pålagt kraftverk som har vassmagasin å oppgradere dammane sine.

I Lærdal var Østfold Energi tidleg ute med arbeidet på damanlegga selskapet har i lærdalsfjella.

Energiselskapet valde å direkte utgiftsføre kostnadane med arbeidet. Noko som førte til at eigedomsskattegrunnlaget for kommunen gjekk kraftig ned for 2015 og 2016.

– Vi meinte at utgiftene burde avskrivast over tid og klaga til Sentralskattekontoret, seier rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal kommune.

No har Sentralskattekontoret gjeve kommunen medhald i at kostnadane med damrehabilitering skal aktiverast og ikkje utgiftsførast direkte.

– Det betyr at Lærdal kommune får 4 millionar kroner i auka inntekter for 2015 og 2016. Dette held fram i 2017, seier Olsen til NRK.

Viktig for alle

Sekretær i Landssamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK), advokat Caroline Lund, seier at dersom vedtaket har ei prinsipiell grunngjeving, kan det få store konsekvensar for alle kraftkommunar med vassmagasin.

– Det kan vere snakk om tal i hundremillionarsklassen for kommunar som har hatt damrehabilitering, og der energiselskapet har utgiftsført slik som i Lærdal, stadfestar Lund.

Borgund kraftstasjon Lærdal

PRODUSENT: Østfold Energi driv mellom anna Borgund kraftverk i Lærdal.

Foto: Østfold Energi

Men Østfold Energi vil klage på vedtaket, ifølge ein e-post frå kommunikasjonsrådgjevar Glenn Lund.

– Saka er eit prinsipielt spørsmål om norske kraftselskap skal ha skattefrådrag for milliardkostnadar knytt til damforsterkningar som styresmaktene har pålagt oss.

– Vi må difor vente at det prinsippielle spørsmålet finn si endeleg løysing i rettsapparatet. Sidan dette er ei prinsipiell sak av stor økonomisk verdi for bransjen, er det svært sannsynleg at selskapet vil klage på vedtaket, skriv Lund.

Kanskje kutte mindre

Rådmannen i Lærdal er frustrert over tida som har gått etter at han klaga.

– Vi klaga hausten 2014, vart lova svar våren 2016, men det kom ikkje før no. Dette har ført til at vi kanskje har kutta meir enn naudsynt.

Lærdal kommune har ein streng økonomi og i 2016 la kommunen ned ein grendeskule og varsla oppseiingar.

– Ville dette ha hindra nedlegging av grendeskulen?

– Eg skal vere svært forsiktig med å seie det. For det var likevel naudsynt å tilpasse drifta til inntektene, seier rådmannen.

I tillegg til damrenoveringa har låge kraftprisar over tid redusert eigedomsskatten til norske kraftkommunar monaleg.

I fjor utsette finansminister Siv Jensen å justere ned kapitaliseringsrenta for kraftanlegg.

Dei fleste kraftkommunane er distriktskommunar og med inntekter under landsgjennomsnittet, ifølge LVK.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.