Rådmannen i Lærdal sluttar

Rådmann Bent Arild Grytten i Lærdal er tilsett som ny rådmann i Hareid kommune på Sunnmøre.

Bent Arild Grytten

Bent Arild Grytten vert no rådmann i Hareid på Sunnmøre.

Foto: Håvard Holme / NRK

- Eg gler meg til å ta fatt i stillinga, seier Bent Arild Grytten på nettsida til Hareid kommune.

Kommunestyret vedtok å tilsetje den Grytten torsdag denne veka.

- Grytten seier i dag opp jobben som rådmann i Lærdal kommune. Han har tre månaders oppseiingstid, og eksakt dato for tilsetting vil bli avklart i næraste framtid, står det å lese på nettsida til Hareid kommune fredag.

Det har i lengre tid vore eit konfliktfyllt forhold mellom Grytten og ordføraren i Lærdal, Arne Sanden. Striden har mellom anna bakgrunn i usemje om behandlinga av økonomiplanen. Konflikten toppa seg då Sanden på eit møte ba rådmannen seie opp stillinga si.

Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.