Rådmann: Ikkje anna val enn å kutte skular

Mange mindre kommunar har dei siste åra skore inntil beinet i høve skulestruktur. Sist i rekkja er Balestrand, som vurderer å kutte to skular.

Nesse skule

BLIR STENGD? Nesse oppvekstsenter på Nessane mellom Balestrand og Høyanger kan bli ståande att med berre barnehagetilbod.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Rådmann Kjellaug Brekkhus meiner dei ikkje har noko val.

– Det er ganske tøft. Det er eg fullt klar over. Men eg har ikkje noko val som rådmann, eg må peike på det, seier rådmann i Balestrand, Kjellaug Brekkhus.

Også i Askvoll og Hyllestad har det vore skulekutt. Sistnemnde har no berre ein skule att i heile kommunen.

– Det nyttar ikkje med «ostehøvelen»

Rådmannen i Balestrand meiner slike løysingar tvingar seg fram for småkommunane. Det er ikkje nok folk i kommunane til å ha så mange skular, meiner ho.

– Folketalet har gått ned i fleire kommunar over fleire år. Demografien er mot oss. Ting er dimensjonert for eit høgare folketal. Me prøver sjølvsagt å snu utviklinga, men medan me driv med det skal me prøve å finne balanse.

Sagatun skule

VIL FLYTTE ELEVANE HIT: Elevtalet ved Sagatun skule i Balestrand sentrum har gått ned. Rådmannen vil busse også dei minste elevane frå utkantane hit, slik ungdomsskuleelevane blir i dag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Folketalsnedgang og ein vanskeleg økonomisk situasjonen, gjer at rådmannen i Balestrand vil leggje ned dei to siste grendeskulane i kommunen. Ho meiner det ikkje er nok å kutte litt på alle skulane.

– Me må gjere ein del strukturendringar, slik eg ser det. Det nyttar ikkje med ostehøvelen lenger, seier Brekkhus.

– Vil dei ha barnefamiliar må dei halde på skulen

Terje Dingen, sambuaren og dei to borna gler seg til å flytte til Nessane som ligg midt mellom Balestrand og Høyanger. Men at rådmannen vil leggje ned skulen i bygda er eit stort skår i gleda.

– Vi visste ikkje om dette då vil kjøpte huset. Skulen og barnehagen var eigentleg ein føresetnad for oss. Det er frustrerande, seier Dingen.

Dingen flyttar uansett til Nessane, men han er grunnleggande usamd med rådmannen.

– Dersom dei vil ha småbarnsfamiliar, og vil at folk skal flytte til bygdene, då meiner eg det viktigaste er å behalde skulen.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.