Hopp til innhold

Rådmann vil tvihalde på bygda - skuldar naboar for innblanding

Rådmannen i Vågsøy vil ikkje sleppe frå seg Bryggja utan kamp. Han meiner leiinga i nabokommunane har drive med innblanding for å ta bygda frå dei.

Bryggja i Nordfjord

Knut Ove Leite

NABOKLAGE: Rådmann Knut Ove Leite i Vågsøy meiner naboane i Eid og Selje blandar seg inn i hans kamp for å halde på Bryggja.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Det er svært spesielt at kommuneleiinga i nabokommunar held møte inne i vår kommune utan at ordføraren er kjent med det, seier Vågsøy-rådmann Knut Ove Leite.

– Er det kritikkverdig?

– Ja, det er i beste fall uryddig.

Viktig bygd

Kampen står om den vesle bygda Bryggja i Vågsøy. Her bur det kring 550 innbyggjarar på om lag 57 kvadratkilometer.

Det er nesten 8 prosent av folketalet og over 30 prosent av arealet i Vågsøy kommune.

I fjor bestemte fleirtalet i kommunestyret seg for å leggje ned barneskulen på Bryggja.

Då sende bygda flyttesøknad. Dei vil heller høyre til Eid, eller den eventuelt samanslåtte Eid/Selje kommune.

– Det er nesten 10 prosent av innbyggjarane våre. Dei er ein naturleg del av Vågsøy kommune.

Omstridd grendahusmøte

Måndag 23. januar inviterte Bryggja Utviklingslag Selje og Eid til møte på grendehuset sitt. Begge rådmenna og ordførarane tok turen.

Dette meiner Vågsøy-rådmannen er innblanding.

  • Du kan sjå referatet frå møtet i faktaboksen nedanfor.

– Vi har undersøkt litt rundt omkring, og dette er svært spesielt, seier Vågsøy-rådmann Knut Ove Leite.

– Det er ein heilt urimeleg påstand som er teke ut av lause lufta, svarar Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

– Bryggja Utviklingslag bad om eit møte med oss for å presentere bygda. Det takka vi ja til. Vi synest sjølvsagt at det er positivt at nokon vil vere med i ein ny kommune.

– Men vi presiserte at vi ikkje kan starte nokon prosess før det er sendt ein formell søknad, forklarar Bjørlo.

Alfred Bjørlo

URIMELEG: Ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid avviser at han har blanda seg inn i styringa av nabokommunen Vågsøy.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Feil i underskriftslister

Rådmannen går også i rette med bryggjaværingane.

Han har funne fleire feil i underskriftslista som ligg til grunn for flyttesøknaden.

Han finn at lista hadde 231 namn, ikkje 239 som det var sagt i media. Av desse er 17 ikkje folkeregistrert i kommunen, 3 har signert fleire gonger og 2 er under 18 år.

– Vi reagerer på at det er veldig mange som ikkje er folkeregistrerte i kommunen som skriv under, seier rådmann Leite.

Men Øystein Hessevik i Bryggja Utviklingslag forsvarar lista.

– Han har vel saumfare lista vår, og funne at nokon har skreve under fleire gonger.

– Det er 17 som ikkje er folkeregistrerte i Vågsøy?

– Ja, men dei er grunneigarar.

– Gjev då lista eit korrekt bilete av folkestemninga på Bryggja?

– Ja, det vil eg seie, seier Hessevik.

Øystein Hessevik

UTBRYTAR: Øystein Hessevik og mange på Bryggja vil flytte bygda til Eid. Håpet er å berge grendeskulen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Skulekamp

På Bryggja er håpet at Eid og Selje vil halde liv i grendeskulen, som deira eigen kommune vedtok å leggje ned.

– Det var dropen som fekk begeret til å renne over. Det har vi sagt fleire gonger, seier Hessevik.

Og det er dette siste poenget som rådmann Knut Ove Leite, meiner er det viktigaste.

– Denne saka botnar i usemje om eit politisk vedtak. Då seier regelverket at det ikkje er grunnlag for ei grensejustering. Eg er rimeleg trygg på at kravet frå Bryggja blir avvist.