Rådmann vil stenge barneskule frå hausten

Branntryggleiken ved Skram skole i Måløy står til stryk. – Tekniske rapportar fortel om betydelege utfordringar for å rette opp feil og manglar, seier rådmann Terje Heggheim.

Skram skole i Måløy

STENGJER: Rådmannen i nye Kinn kommune rår politikarane til å gå inn for å ruste opp Skram skule, framfor å byggje nytt.

Foto: BJARNE ELDEVIK

Den dårlege tilstanden gjer at rådmannen i nye Kinn kommune vil stenge barneskulen allereie frå hausten av.

Terje Heggheim

ALVORLEGE: Sjølv om Skram skole har fått installert brannalarmanlegg, vurderer rådmann Terje Heggheim manglane ved skulen som alvorlege.

Foto: Aleksander Åsnes

Han vil ruste opp skulen, medan dei kring 250 elevane frå hausten av blir flytta til eit modulbygg på Tennebø, på andre sida av Måløybrua.

– På kort sikt vurderer eg det som heilt nødvendig å treffe tiltak for ei forsvarleg og sikker drift av Skram skole, seier Terje Heggheim til Fjordenes Tidende.

Store tekniske manglar

To ulike tilstandsrapportar stadfestar store tekniske manglar med omsyn til brannmotstand og bereevne i etasjeskiljarane. Mellom anna har ikkje etasjeskiljarane i gamlebygget frå 1920 nok motstand til å halde meir enn 10–15 minuttar ved ein brann.

Det nasjonale kravet er 60 minutt.

At rådmannen tilrår å ruste opp skulen, gler FAU-leiar Marit Otneim.

– Dette har vi jobba veldig mykje med, og håpa at noko skulle skje. Om det ny skule, renovering eller kva det måtte vere, så er vi veldig positive til at det endeleg skjer noko.

– Ikkje meir enn tre år

Heggheim er i gang med å rekne på kva opprustinga vil koste. Tidlegare utrekningar har vist eit behov for 36 millionar kroner.

Kostnadane skal vere klare til politikarane i Kinn får saka på bordet i februar. Då må dei også vurdere opprustinga opp mot eit eventuelt nybygg.

Kommunen skal no i dialog med fylkeskommunen om korleis skuleskyssen skal gjennomførast. Elevane må bu seg på minst tre år borte frå Skram skole.

– Det vil ta minimum tre år frå vi flyttar skulen, til vi har nytt anlegg på plass. Men vi veit av erfaring at det kan ta lenger tid, seier Heggheim.

– Vi er opptekne av at det ikkje blir lenger enn tre år, at det ikkje blir utvida til fem år, seier Otneim.

Fryktar ikkje brua

FAU-leiaren er klar på at elevmassen ikkje må spreiast over fleire lokalitetar. Modulbygget på Tennebø må truleg byggast noko ut for å få plass til alle elevane.

– Slik det er no, er brakkeriggen betre. Skulen er i veldig dårleg stand, seier Otneim og ser at modulbygget er einaste alternativ.

Sjølv om det betyr at elevane må krysse vêrutsette Måløybrua, som siste tida har vore mykje stengd på grunn av kraftig vind.

– Den er ikkje ofte stengd over ein så lang periode som no. Og vi er vande med stengingar. I mange år har folk pendla til jobb i Måløy eller på fastlandet, seier ho.

Viktig signal

I gamle Vågsøy kommune har Skram skole tidlegare vore nedleggingstruga .

Skulebruksplanen i nye Kinn kommune er førebels ikkje klar.

Otneim meiner det er eit viktig signal at rådmannen ynskjer å gjere noko med skulen.

– Det betyr mykje. Det er viktig å halde på dei skulane vi har, både med tanke på tilflytting, det pedagogiske og sosiale, seier ho.