Rådmann vil erstatte styret i Måløyraid-senteret

Vågsøy-rådmannen meiner styret i Måløyraid-senteret har sendt Forsvarsdepartementet mangelfulle opplysningar om økonomien. Det avviser styreleiaren blankt.

Måløyraidsenteret

DRIVE PÅ DUGNAD: Styret i Måløyraid-senteret driv no senteret på dugnad.

Foto: Eva Westvik / NRK

– Eg synest rapporten er litt fantasifull både når det gjeld tal og kommunen sitt engasjement i saka, seier Knut Ove Leite, som hadde sin siste arbeidsdag som rådmann i Vågsøy kommune fredag.

Det var i august i fjor krigshistoriesenteret opna i Måløy. Få månader etter viste det seg at senteret hadde liggande ubetalte rekningar på 1,5 millionar kroner.

Forsvarsdepartementet er mellom dei som har bidrege økonomisk til senteret, og departementet bad om rapport etter at dei økomiske problema blei kjende.

Løyvd 3,9 millionar

I rapporten til Forsvarsdepartementet skriv styreleiar Helge Hjelle at senteret i dag har ei gjeld til kreditorane på kring to millionar kroner. I rapporten er det også vist til at kreditorane har vore villige til å gi utvida frist.

Styreleiaren peiker på at det er fleire årsaker til at senteret blei dyrare enn først antatt.

Knut Ove Leite

VIL HA NYTT STYRE: Vågsøy-rådmann Knut Ove Leite meiner nye folk må inn i styret til Måløyraid-senteret.

Foto: Harald Kolseth / NRK

At senteret overtok eit 100 år gammalt hus er mellom årsakene, ifølgje Hjelle. Det som blir omtala som ekstrakostnader til mellom anna heis, kloakk og vassleidning er spesifiserte i rapporten.

Mangelfulle opplysningar, er kommentaren frå Vågsøy-rådmannen.

– Det blir vist til at grunnane for overskridinga er bygningsmessige tiltak, og det meste av det eg kan lese av rapporten har kommunen løyvd ekstra løyvingar til, seier Leite.

Leite viser til at kommunen i tillegg til å stille bygget fritt til disposisjon, også har løyvd nærare 3,9 millionar kroner ekstra.

– Er opplysningane rundt utgiftene feil?

– Eg oppfattar dei alle fall som mangelfulle. Dei er brukte for å forklare ei overskriding. Eg kan ikkje sjå at det er samanheng mellom overskridinga og dei tala som er viste til.

Har ikkje funne kritikkverdige forhold

Styreleiar Helge Hjelle stadfestar summen Måløyraid-senteret har fått frå Vågsøy kommune, men avviser elles påstandane frå Leite.

Mellom anna viser Hjelle til at senteret fekk løyvingar av kommunen til ein heis ved sida av bygget. Eit krav frå kommunen om å flytte heisen ein halv meter ut frå bygget gjorde i etterkant at dei fekk ekstrakostnader på 340.000 kroner, ifølgje styreleiaren.

Han stadfestar også at senteret fekk midlar til sprinkelanlegg innandørs, men seier det også her blei ekstrakostnader på cirka 100.000 kroner fordi dei måtte grave ei grøft og legge nytt inntaksrøyr som skulle forsynet anlegget med vatn.

Styreleiaren viser også til at kommunen sin datasentral som blei ståande i bygget, kosta senteret ekstra i straumutgifter. Det gjorde også roteskadar, ifølgje Hjelle.

– I sum kjem vi nær ein halv million kroner, seier styreleiaren.

Skal evaluere

I ein e-post til NRK skriv Forsvarsdepartementet at dei har fått rapportering frå Måløyraid-senteret for 2016 og 2017, og at departementet seinare har blitt underretta av stiftinga om at det kom uventa kostnader med omsyn til istandsetjing og tilrettelegging av bygget.

– Etter ei heilskapsvurdering har ikkje Forsvarsdepartementet funne kritikkverdige forhold, skriv departementet i e-posten.

– Når årsrekneskap og revisors utgreiing for 2018 ligg føre vil departementet evaluere driftstilskotet som er gitt til stiftinga, opplyser seniorrådgjevar Lisa Nordøen i e-posten.

Styreleiar Helge Hjelle seier tilbakemeldinga frå departementet var som venta.

– Vi har brukt midlane frå departementet på ein forsvarleg måte og bygd opp senteret.

Han viser til at dei har sagt opp senterleiaren for å spare lønnskostnader.

– Vi har også sendt fleire søknader til bankar og offentlege instansar der vi har søkt om tilskot. Vi har òg søkt private firma om sponsormidlar. Vi håpar nokon der ute ser betydninga av Måløyraid-senteret og vil hjelpe oss med midlar, seier styreleiaren.

Per i dag blir Måløyraid-senteret drive på dugnad av styret.

– Vi held det ope og marknadsfører så godt vi kan. Vi ser fram til ein forhåpentlegvis god turistsesong, seier Hjelle.

Vil ha nytt styre

Før jul sende kommunen ei uromelding til Lotteri- og stiftingstilsynet, som har oppretta tilsyn og framleis har saka til behandling. Senterleiaren har gått til sak for å få jobben tilbake. Saka kjem opp i retten i august, ifølgje Fjordenes Tidende.

Leite seier kommunen ønskjer at senteret skal få eit «sunt og seriøst fundament».

– Eg meiner styret burde erstattast med nye folk. Slik dei no har hamna i økonomiske uføre, er det klart at nye folk og ny styring bør inn, seier Leite.

Hjelle meiner Leite bør «rydde i eige reir», og viser overfor NRK til fleire konkrete saker han meiner rådmannen burde teke tak i.

– Leite burde bruke sine tre siste dagar som rådmann i Vågsøy til å rydde i eige reir, framfor å fortelje kva andre bør gjere.

Styreleiaren seier dei har fått mange svært gode tilbakemeldingar på senteret.

– Nøytrale personar har sagt til oss at det er det mest informative senteret som er i landet. Vi fortel om ei hending frå andre verdskrigen som var avgjerande for at vi skal kunne leve i fred, seier han.

Også Leite meiner senteret er viktig for Vågsøy.

Intervjuet med Knut Ove Leite er gjort mens han framleis var rådmann i Vågsøy kommune. Leite hadde siste dag i jobben 12. april.