NRK Meny

Rådmann kan bli kommunedirektør

Å erstatte rådmann med kommunedirektør for å få ein meir kjønnsnøytral tittel, er eitt av forslaga som tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane Oddvar Flæte la på bordet då han nyleg presenterte forslaget til ny kommunelov. Utvalet som står bak forslaget ynskjer også å gå hardare til verks for å skjerpe krava om kjønnsbalanse i kommunale organ.