NRK Meny

Rådmann blir rådgjevar

Frå 1. juli går truleg rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal over i ei nyoppretta rådgjevarstilling. Det melder kommunen i ei pressemelding. Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seier den nye stillinga skal jobbe med tunge prosjekt som har stått i stampe. Dette gjeld mellom anna utvikling av kulturhuset og villakssenteret. Saka skal handsamast i kommunestyret 21. juni.

Alf Olsen jr. er rådmann i Lærdal
Foto: Kamilla Follevåg