Hopp til innhold

Rabattkort forsvinn frå ekspressen

Rabattkorta på ekspressbussen mellom Oslo og Førde gjeld ikkje lenger.

Firda Billag

KUTTA: Rabattkortet som gir reisande 33 prosent avslag på Sogn og Fjordane-ekspressen er fjerna.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dermed stig billetten frå 427 kroner til 653 kroner, skriv Firda. Svein Arne Vik, marknadssjef i Nettbuss, stadfestar at Kundekortet, som ordninga har heitt, ikkje lenger er gyldig.

Nettbuss eig Sogn og Fjordane-ekspressen saman med Firda Billag.

– Saka er den at Sogn og Fjordane-ekspressen frå og med 1. mai skal ut av Norway Bussekspress og inn i eit nystarta system som heiter Nettbuss-ekspress, seier han til avisa.

– Feil å vidareføre

Vik seier det blir jobba med ei løysing som gjer at kundane kan handle billettar på nett, og at det skal vere billegare enn å kjøpe like før avgang. Denne ordninga er ikkje klar enno.

Også Nordfjordekspressen, Sørlandsekspressen, Møre-ekspressen, Hallingbussen og Mørelinja skal inn i det nye systemet.

– I og med at den nye ordninga kjem frå 1. mai ville det bli veldig dumt å forlengje den gamle ordninga eitt år til, seier Vik til Firda.

Får ikkje rabatt

Terje Kristensen frå Fredrikstad tek kvar tredje veke bussen fram og tilbake for å arbeide på Sentralsjukehuset i Førde.

Han reagerer på at han ikkje får kjøpt rabattkortet som gir han 33 prosent rabatt på bussbilletten mellom Førde og Oslo.

– Og dette skjer i eit fylke der det ikkje finst tog. Det einaste alternativet eg har, er fly og privatbil. Frå Førde er kapasiteten på flyrutene så pressa at å finne ein lågprisbillett fredag ettermiddag er nesten umogleg, seier han.