Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 3. januar

For mange er spel og quiz ein viktig del av moroa i jula. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag i romjulshelga og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Jølster kommune har fått kritikk for at dei gav grønt lys til å skyte hakkespettar som hakka hol i kyrkja på Ålhus. Blant dei som protesterte var ein organisasjon med eit namn som også kan brukast som gutenamn. Kva heiter organisasjonen?
  2. Hekkeløparen frå Florø er ein av utøvarane frå Sogn og Fjordane som satsar mot OL i Rio. Kva heiter han til førenamn?
  3. Marino Ask har vore svært kritisk til at Visit FjordKysten AS vil byggje ein klatresti opp til Hornelen. Han er leiar i organisasjonen Sogn og Fjordane – kva for noko?
  4. Fylkespolitikarane har bestemt seg for å selje sine aksjar i Fjord1. Til kven?
  5. Kva heiter kommunesenteret i Gulen?
  6. Eit spesielt steinprodukt er viktig i historia til Hyllestad og har i dag eit eige museum i kommunen. Kva er vi ute etter?
  7. Dei er sterkare enn dei fleste og har vunne tallause NM-gull ved å presse vektene over hovudet. Kva kommune kjem dei frå?
  8. På kva veg gjennom fylket tek du ferjene Anda-Lote og Lavik-Oppedal?
  9. Partiet hans fekk reint fleirtal i Luster etter valet i Sogn. Tenkjer du på ein stor skapning i havet nærmar du deg etternamnet på ordføraren. Kva heiter han til etternamn?
  10. Kva heiter rapparen frå Florø som kom til finalen i Norske talenter? Vi vil ha etternamnet.
  11. I samband med 100-årsjubileet til Høyanger vart det i haust arrangert ein spesiell konkurranse i bygda. Kva blir til vanleg produsert der konserten fann stad?
  12. I Balestrand er det bygd eit nytt museumsbygg som stod klart i haust. Kva type museum er det?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!