Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 26. desember

For mange er spel og quiz ein viktig del av moroa i jula. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag i romjulshelga og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. Olav Lunden sat som ordførar frå 2003 og fram til valet i haust. I kva kommune?
  2. Hundrevis av ungdomar i fylket samlar seg årleg for å vise fram sine talent, i alt frå kunst til musikk og dans. Kva heiter samlinga?
  3. I januar i år vann ho Spellemannspris med plata si «Solar Plexus». Kva heiter ho til førenamn?
  4. På berre eitt år som trenar tok han Sogndal tilbake i eliteserien. Kva heiter den heimvende sogndølen til førenamn?
  5. I teaterstykket som vart sett opp på Sogn og Fjordane teater i haust set hovudpersonen fyr på asylmottaket i bygda. Kva heiter stykket?
  6. Kor mange statsrådar har Sogn og Fjordane i den sitjande regjeringa?
  7. Korte skjørt og strømper på damene og lederhosen på karane. I kva kommune kler hundrevis av innbyggjarar og tilreisande seg opp slik kvar haust?
  8. Kva heiter politikaren som i haust måtte gje frå seg fylkesordførarkjeda? Vil vil ha etternamnet.

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!