Hopp til innhold

Her er dagens quiz – 1. januar

For mange er spel og quiz ein viktig del av moroa i jula. NRK Sogn og Fjordane serverer deg ein quiz kvar dag i romjulshelga og nyttårshelga.

Romjulsquiz NRK Sogn og Fjordane
Foto: Christian Blom/Finse 1222/NRK/Thomas Bickhardt

Quizen er ei ganske lett blanding, der storparten av spørsmåla er knytt til Sogn og Fjordane, kommunane i fylket og personar som har tilknyting til våre fjell og fjordar.

Sett deg gjerne saman med nokon andre og finn fram penn og papir. Notèr ned første bokstaven i svaret, og alle bokstavane blir til eit løysingsord. Det sender du inn i svarboksen nedst på sida.

Vi plukkar ut ein vinnar kvar dag som får ein sekk med julegodis. Av alle dei som sender inn rett svar i løpet av romjula og nyttårshelga plukkar vi ut ein vinnar som får ein DAB-radio.

Her er dagens quiz:

  1. I kva kommune ligg Kystmuseet i Sogn og Fjordane?
  2. Kva heiter bygda der du i sommar kunne delta i geiteperlebingo?
  3. Til våren startar bygginga av det tredje rulleskianlegget i Sogn og Fjordane. I kva kommune?
  4. Nesten 8000 personar har i år testa seg i den populære Via Ferrata klatreruta i Nordfjord. Kor ligg den?
  5. I tillegg til jobben som lensmann er han trenar for fylket sitt beste herrelag i volleyball. Kva heiter han til mellomnamn?
  6. Sogn og Fjordane er eit fylke med mykje vêr. Når det er venta store nedbørsmengder er ofte denne etaten ute og ber folk vere obs. Det lange namnet deira blir forkorta til tre bokstavar, kva?
  7. Artisten frå fylket blir over nyttår å sjå i det populære TV2-programmet «Hver gang vi møtes». Kva heiter ho til førenamn?
  8. Kva heiter barne-TV-serien produsert av NRK Sogn og Fjordane der vi møter tøffe barn frå Vestlandet?

Fristen for å sende inn rett svar er ved midnatt same dag som quizen er lagt ut.

Om du ikkje får skjemaet til å fungere kan du sende løysingsordet saman med namn og adresse til konkurranse.sfj@nrk.no

Lykke til!