Hopp til innhold

Q-filmsjef spent på posten

Filmsjef Linda Hagen Myklebust i Q-film håpar det ligg fleire filmar frå folk i posten måndag. For søndag gjekk fristen ut for å levere bidrag til filmfesten.

Linda Hagen Myklebust og Johanne Nyborg

VENTAR: Q-filmsjef Linda Hagen Myklebust er spent på om det ligg fleire filmar i posten måndag. Her saman med Johanne Nyborg.

Foto: Qfilm

– Vi har fått innover 25 filmar på e-post. Men eg hadde sett at fleire hadde sendt inn filmar til oss. No får vi sjå kva som ligg i posten til oss på måndag. Det bli spennande, seier filmsjefen Linda Hagen Myklebust.

Treige med å levere
Q-film 2011 - gallakveld

HÅPAR PÅ FULLT HUS: Q-filmarrangøren håpar på at flest mogleg kjem og ser film frå 19.november.

Foto: Sondre Dalaker/NRK

Kick- off og tak-kino er noko av det ho og dei andre jobbar med før Q-film startar 19.november.

Og sjølv om Myklebust helst hadde sett at fleire ville vere med og konkurrere om filmprisane, trur ho det vil vere nok å velje mellom.

– Eg hugsar då vi skulle levere bidrag til Q-film. Vi var ute i seinaste laget, og det trur eg det er fleire som er, seier ho.

- Alle har teke stort ansvar

Låvekino under Q-film.

KREATIVE: Kvifor sjå kino i ein kinosal om ein har ein låve å bruke?

Foto: Linn Førde Hennøy/Q-film

I år har dei valgt ut filmar som dei håpar skal lokke mange til filmfesten som varer ei veke.

Spenning, action, barnefilmar er berre noko av det publikum kan gle seg til.

– Alle som er ivovlerte i Q-film har teke stort ansvar for sine prosjekt og vi ligg i rute no, seier ho.

Men det har ikkje berre vore lett å få festivalen på beina. For økonomien har vore utfordrande.

Utfordrande økonomisk

Paraplydrinkar

DRINKAR: Elevane har tradisjon for å gjere ting skikkeleg, som her frå i fjor med paraplydrinkar.

Foto: Simon F. Solheim / NRK

– Vi har gjort så godt vi har kunne ut frå det vi har hatt pengar til. Og vi har også vore flinke til skaffe sponsorar og andre slik at vi no skal ha pengar til det vi treng, seier Myklebust.

Og veka Q-film varer er det ikkje sikkert det vert mykje tid til skule og lekser for arrangørane.

– Nei, det blir vel mest film det går i den veka ja. Men det vert veldig kjekt, seier filmsjefen.