Hopp til innhold

Pyntar til bryllaupsfest i Bjordal

Skulen er pynta til fest med det britiske flagget og spesielt ein lærar er i skikkeleg bryllaupsrus. I Bjordal er alt klart til århundrets bryllaupsfest.

Bjordal skule
Foto: Florence Førde

Når Prins William i dag gjev sitt ja til Kate Middleton er det ikkje berre britane som deltek i den storslagne feiringa.

Også i Bjordal på Høyanger sørside er det bryllaupsfeber. Lærar Thomas James er hundre prosent walisar, og han arrangerer i dag skikkeleg engelsk Tea Party til ære for brudeparet.

Sjølve vigsla i Westminister Abby startar klokka 12, og då er både lærarar og elevar samla framfor tv-skjermen i lag med 2 milliardar andre sjåarar over heile verda.

Heile skulen er pynta til fest

Thomas James var på plass på skulen allereie i sju tida i dag for å gjere alt klart til festen. Bryllaupet skal nemleg feirast på ekte engelsk vis med scones og te.

Bryllaup i Bjordal

PRINSESSER: Den heimelaga pynten venter på sine prinsesser

Foto: Florence Hjelle

– Eg har teke med meg det største britiske flagget eg har, og elevane har og teikna flagg som skal hengast opp på skulen, seier ein feststemt lærar.

I tillegg har dei også teikna bilete av William og Kate, både lærarar og elevar gledar seg til festen som starta klokka elleve.

Thomas James er sjølv frå Wales, men har budd i Norge i åtte år. Han er stolt over heimlandet sitt, og skulle sjølvsagt gjerne vore i London i dag for å feire i lag med dei 600 tusen andre som skal feire brudeparet.

Når det no ikkje blir feiring i London, er bryllauspfest med elevane i Bjordal absolutt ei god erstatning..

Slips med dei britiske fargane

Den walisiske læraren i Bjordal har kledd seg i dress i dag og slipset er i dei britiske fargane. Når den britiske tronarvingen skal gifte seg er berre det beste godt nok.

Heile England er i ekstase og i dag skal britane ta oppatt ein gammal tradisjon, fortel James.

– Før i tida var det vanleg med «Street party», der alle samlast for å nyte god mat i gatene, fortel læraren i Bjordal. I dag er det mange som skal arrangere dette igjen, det blir bra.

Bryllaupsfest i Bjordal

LITA PRINSESSE: Bertine Førde i finstasen til ære for William og Kate

Foto: Florence Førde

Engelsk bryllaupskake og porselen

Fest på Hjelle

FEST PÅ HJELLE: Emma Hjelle har pynta med både norsk og britisk flagg

Foto: Birger Meland / NRK

Det er ikkje berre i Bjordal det blir arrangert bryllauspfest i dag. På Hjelle i Oppstryn er det pynta med norsk og britisk flagg i det nydelege vårveret, og vertinne Emma Hjelle på Hjelle Hotell er klar for fest.

Ho har baka skikkeleg engelsk bryllaupskake, med krydder, frukt og eit tjukt lag med melisglasur på toppen.

Og når det blir dekka til fest er det finaste servicet henta fram frå skåpet, porselenskoppar og fat frå oldemor sitt bryllaup i 1934.

Kun det beste er godt nok når hertugen og hertuginna av Cambrigde skal feirast.