Hopp til innhold

Pynta 100 peparkakehus på Jølstraholmen

Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av peparkakehus.

Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut då nesten hundre peparkakehus vart pynta på Jølstraholmen laurdag. (Foto/redigering: Ahmad Dean)

Store mengder godteri og glasur var på plass for å gi barna frie tøyler som husdesignarar, på Jølstraholmen laurdag.

Seks år gamle Edda er ikkje i tvil om kva ho synest om å dekorere sitt eige hus.

– Det er kjempegøy! Eg har pynta to peparkakehus.

Til saman pynta barna nesten hundre peparkakehus, nokre av husa knuste i prosessen. Litt svinn må ein rekne med.

Dette er tredje året på rad der barna i Jølster kan sleppe kreativiteten laus med seigmenn, nonstop og glasur på peparkakehusa. Melinda Tefre er éi av dei som arrangerer den store peparkakehus-dagen, og dagen har no blitt ein tradisjon som berre veks og veks.

– Det aukar for kvart år. Vi byrja med 40 hus det første året, 80 hus i fjor, og hundre hus i år, seier ho.

Ideen var å bygge ein peparkakeby, men sidan det ikkje har vore plass til å stille ut byen, har ikkje Jølstraholmen fått innvilga peparkakeby-status i år. Difor får barna ta med seg husa sine heim.

Nonstop

Det var ingen grunnar til å halde fingrane frå fatet på Jølstraholmen laurdag.

Foto: Ahmad Dean / NRK