Hopp til innhold

Putta klubbpengar i eiga lomme

28-åringen oppretta to klubbar og svindla til seg 140.000 kroner i statlege tilskotsmidlar. No er han dømd til 60 dagar i fengsel.

Frå mai 2001 til oktober 2004 - i tre og eit halvt år - fekk mannen utbetalt tilskot på til saman 140.000 kroner frå Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, LNU.

Mannen frå Sunnfjord laug på seg ein aktivitet som ikkje eksisterte. I søknaden sa han at midlane skulle gå til Baltisk Club og Baltisk Ungdomsklubb. I staden for å bruke pengane i dei ikkje-eksisterande klubbane, putta han pengane i eiga lomme.

28 søknader

Fjordane tingrett ser på svindelen som grov. 28-åringen forfalska søknadene til organisasjonen ved å fylle ut søknadene på falske namn. I alt sende han 28 søknader om tilskot.

Retten finn ikkje tvil i at både adressa, telefonnummeret og kontonummeret tilhøyrer 28-åringen.

28-åringen sa i retten at klubbane på det meste hadde opptil 100 medlemmer i den aktuelle perioden. Men på direkte spørsmål frå retten kunne han ikkje opplyse eit einaste namn på eit einaste medlem i dei to klubbane. Retten meiner også at sunnfjordingen si forklaring om at rekneskapane er borte ikkje er truverdig.

- Fabrikerte bevis

Sunnfjordingen kunne heller ikkje dokumentere at det hadde vore aktivitet i klubbane.

- Dei skriftlege bevisa som i denne samanhengen er lagt fram av tiltalte framstår som fabrikerte i høve saka, heiter det i dommen.

Sjølv sa han seg ikkje skuldig då saka var oppe for retten. Han har tidlegare likevel inngått eit forlik i Forliksrådet om å betale tilbake pengane til LNU.