Sogn jord- og hagebruksskule. (Arkivfoto: NRK)
Opphavleg ville regjeringa redusera tilskota til skulen med 9 millionar kroner frå 2006. No skal partia diskutera framtida for landslinjene på nytt i revidert nasjonalbudsjett i mai.
Regjeringa til stortingsrepresentant for KRF, Per Steinar Osmundnes, ville leggja ned skulen.
No vil Osmundnes kjempa vidare for å oppretthalda tilbodet, men legg ikkje skjul på at framtida er like usikker som før.
- Eg kan jo seia at om ein hadde vald eit anna forslag og gått for det som var utgangspunktet, så ville ein jo alt sagt at landslinjestatusen til skulen var vekke. No har skulen fått nokre ekstra månader til å løysa problemet, og det er gode argument for å ta vare på skulen, meiner Osmundnes.