Hopp til innhold

Kjend kunstnar var sjølv til stades under opning av utstilling i Måløy

Pushwagner er godt nøgd med mottakinga han har fått i Vågsøy. Kunstnaren reiser vidare med inspirasjon i bagasjen.

Pushwagner og Gil

SPENT: Pushwagner og Anette Gil håpar bileta til kunstnaren blir teke godt motteke.

Foto: Eva Westvik / NRK

– Det har vore ei hyggeleg overrasking. Eg vart overvelda over at så mange kjenner til namnet Pushwagner, fortel hovudpersonen.

Pushwagner stiller ut 30 bilete frå produksjonen sin dei siste ti åra i Den blå hesten i Måløy. Bileta til kunstnaren har ein prisvariasjon frå 5 000 kroner til 120 000 kroner.

Imponert og inspirert

Pushwagner vart teke godt i mot

VARM MOTTAKING: Leiar i Måløy Kunstlag, Laila Schult, fekk kyss av Pushwagner då han kom til opning av utstillinga i galleriet.

Foto: Eva Westvik / NRK

Kunstnaren er imponert over mottakinga han har fått, og håpar kunsten blir teke like godt i mot av publikum.

– Folk er takksame for at eg har kome hit, og eg håpar kunsten får ei like god mottaking. Eg håpar den blir teke i mot med glede og tilfredsheit, seier Pushwagner.

– Eg håpar eg kan tilby vitjarane noko unikt, fortel han.

I løpet av tida kunstnaren har vore i fylket har han rukke å sjå seg rundt, og han har brukt mykje tid på å spasere. Pushwagner er full av lovord om naturen han har sett.

– Eg hadde ikkje forventa så fantastisk natur, og eg blir inspirert av fjella og formene, fortel han.

Måtte vekk frå hovudstaden

Pushwagner hadde ein sterk trang til å kome seg ut av Oslo, og han meiner det er viktig at han stille ut bileta sine over heile landet.

– No hadde eg vore for lenge i Oslo. I tillegg er det viktig å posisjonere kunsten ut i landet, slik at det ikkje blir ein hovudstadskultur ut av den, fortel Pushwagner.

– Eg har ikkje hatt sterk kontakt med kunstnarmiljøet i Oslo, og eg trur det har vore ein stor fordel når det kjem til å produsere kunst som folk vil ha, seier kunstnaren.

Pushwagner har reist land og strand rund, frå Lindesnes til Norkapp dei siste fire-fem åra. I tillegg har han hatt utstillingar i utlandet, blant anna i Amsterdam og London.

– Dette er stas

Anette Gil frå Vågsøy jobbar saman med Pushwagner i Oslo. Ho har saman med Måløy Kunstlag ved Laila Schult arbeidd for å få kunstnaren til å vitje heimbyen.

Ho synest det er flott at kunstnaren og nokre av bileta hans no har kome til Måløy.

– Det er kjempestas at han ville kome hit. Eg vil at alle skal få oppleve kunsten til Pushwagner, fortel Gil.

Utstillinga vart opna torsdag og vil vere tilgjengeleg fram til og med 16. august.

Opning av utstilling

MANGE FRAMMØTTE: Det var kø utanfor Den blå hesten før kunstnaren sjølv kom til opninga.

Foto: Eva Westvik / NRK