Hopp til innhold

Pus med spesielle reisevanar - var med sju mil under panseret

Katten frå Sunnfjord har ein nokså spesiell yndlingsplass for å kvile. Det medførte også ein lang og humpete køyretur.

Frisk, men sliten katt etter sju timar under panseret.

HEILSKINNA: Katten kom seg frisk, men noko sliten gjennom sju mil under panseret på ein bil.

Foto: Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane

Det var litt av eit funn, det er heilt sant, seier leiar i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane, Bettina Astor.

Måndag vart dei kontakta av ein veterinær som hadde sjekka ein katt funnen i motorrommet på ein bil ved skulen på Mo i Førde. Den vesle katten vart oppdaga då ein høyrde merkelege lydar framme frå motorrommet på bilen.

– Katten var i fin fysisk form, men noko forvirra, forklarar Astor.

Og at katten kjende seg litt pjusk var kanskje ikkje så rart. For då Astor og kollegaene starta jakta på eigaren av katten på Facebook, tikka det etter kvart inn ei melding frå katteeigarane, som er busette i Dale i Sunnfjord. Dermed hadde katten klart seg under panseret på bilen i sju mil.

Vi er forundra over at den har klart seg så godt. Det er humpete vegar og slikt, men det har gått bra, seier Astor.

Bettina Astor

GLAD: Bettina Astor i Dyrebeskyttelsen Sogn og Fjordane leitar ofte etter eigarane til herrelause dyr.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ikkje første gong

Og kanskje har katten funne seg ein teknikk for kvar det er best å plassere seg når den skal ut på tur. For det er nemleg ikkje første gong at den vesle kvite pusen har sneke seg opp under panseret.

Då vi fekk tak i eigarane, så fortalde dei at den av og til kjem heim med olje på ryggen, litt trøytt i ansiktet, så det ser ut som den har sove godt. Den har tydelegvis ein forkjærleik for motorrommet, seier Astor.

Korleis katten har klart å kome seg opp under panseret er eit lite mysterium som katteeigarane har sett seg føre å finne nærare ut av. Astor håpar også at katten ikkje blir freista ut på nye eventyr.

Vi håpar ho legg av seg denne reisevanen no.