Hopp til innhold

Purungt Sogndal starta oppkøyringa

I fjor var Henrik Furebotn mellom dei yngste i Sogndalstallen. I år kan han rekne seg som ein veteran...

Henrik Furebotn

Henrik Furebotn er, med sine snart 24 år for ein 'veteran' å rekne i Sogndal-stallen.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Eg sat faktisk og såg kring meg i stad. Det er eit ungt lag. Men det kan vere positivt med mange unge svoltne, seier den snart 24 år gamle Henrik Furebotn og noko forbausa konstaterer at han langt frå er noko unggut på årets utgåve av Sogndal.

Slik vil han ha det

I fjor var kantspelaren frå Årdal mellom dei yngste på 1. divisjonslaget. Men etter ei omfattande opprydding i spelarstallen, har snittalderen over nyttår sokke til 23 år. Nyetrenar Harald Aabrekk seier det er slik han vil ha det.

- Det er ei bevisst handling. At vi skal få den fylkesprofilen, sjå på våre eigne i Sogndal og få fram att det vi hadde då Sogndal var på sitt beste, seier Aabrekk.

- Det var gode spelarar som var her, men eg saknar den perioden då eg var her sist, i 2002. Då var dei gode spelarane utruleg gode; Ødegaard, Bolseth, Stadheim, Tommy Øren som no er attende, og Bakke, seier han.

Gjer som fattige

Med den økonomiske situasjonen i Sogndal, kan ikkje klubben dyrt for nytt blod.

- Når du har mindre pengar, så er det viktig å putte dei i jorda og få ting til å vekse og gro. Dei fattigaste gjer det med gode resultat, og eg vonar vi kan bruke den metoden også, seier Aabrekk.

Ynskjer høgreback

Men snittalderen kan stige før seriestart. Trenaren har ein høgreback øvst på ynskjelista. Men uansett vil Sogndal gå nye vegar for å kompensere for manglande alder og erfaring på grasmatta.

- Vi tek omsyn til at vi er eit ungt lag, og legg opp til ein måte å spele på som er romorientert. Vi skal vere lettbeint og raske, forflytta oss raskt og oppfattar ting raskt, så trur eg det kan kompensere for duellkrafta

Har lukkast før

Det mest smertefulle tapet er og blir kaptein Rune Bolseth. Midtbanegeneralen skreiv nyttårsafta under for Hønefoss , og utan han ser ikkje Sogndal ut som nokon opprykkskandidat i år. Og Aabrekk ventar med å utrope noko ambisjon for sesongen.

- Eg har lukkast med unge spelarar før, så eg er ikkje redd det. Eg har sagt sjølv at min draum er å rykke opp med Sogndal, den står eg ved. Så skal spelarane vere med framover og konkretisere målsettinga for kommande sesong, seier han.